Næringsliv | 09. aug. 2010

Spyr ut takrenner

Investeringane til nystarta Fløysand Blikk ser ut til å løna seg, takrenner på rull går unna både i og utanfor Os.

Spyr ut takrenner
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. aug. 2010 07:29

Bildeserie:

1 av 4

- Vi har sikkert levert 1500 meter med takrenner berre i Os, seier Robert Hjørnevik frå Fløysand Blikk AS.

Selskapet starta i mars i år og driv frå verkstad i Os Næringspark.

- Ved å tenka nytt og litt annleis har vi fått ein svært straumlinjeforma produksjon, både av takrenner og av andre blikkprodukt. Rennemaskina må truleg snart supplerast av ei til, legg Gudmund Fløysand frå morselskapet Fløysand Tak AS til.

Skøytefritt på rull
Selskapet er åleine på Vestlandet om å levera skøytefrie takrenner på rull gjennom maskin frå Kaizer.

Svarte, kvite, kobbar og sølv, rullane står på maskina i hengaren, det er berre til å velja farge og tasta inn ønska lengd så ruller det ut eit passe stykke til kvar vegg.

- Maskina har fått mykje merksemd i fagpresse over heile landet, fortel Hjørnevik.

- Er det prisen som er salsargumentet når produksjonen er så effektiv?

- Det er kanskje billigare å kjøpa renner og montera sjølv, sidan våre renner berre blir levert med montering inkludert i pris. Men set du fagfolk på jobben og får på tradisjonelle renner så blir nok det dyrare enn vår løysing.

PC erstattar hot-dog-patrulje
Store, nye maskiner som platesaks, knekkemaskin og coil-linje kom raskt på plass i verkstaden til det nystarta selskapet. Men også ute i felten har Fløysand tenkt nytt og moderne.

- Vi leverer ikkje berre til bustadar og rehabiliteringsprosjekt, men til større entreprenørar og stadar vi allereie har taktekkingsjobben med morselskapet. Eg har lenge sett kor mykje tid som går med på å senda nokon for å henta eit stykke blikk, så no har vi kome med ei ny bestillingsløysing, fortel han.

Til større kundar låner selskapet no ut ein skreddarsydd koffert med pc, mobilt breiband, teikneprogram og scanner, så kundane kan sitja på byggeplassen og teikna det dei vil ha, anten på pc-en eller for hand (som så blir scanna) og senda bestillinga direkte. Varene kjem i retur med bodbil.

- Om så avstanden mellom byggeplassen og blikkenslageren berre er to kilometer går det fort to kostbare timar med fagfolk bak rattet, gjerne innom ein bensinstasjon for å kjøpa hot dog, berre for å henta litt blikk.

- Dette er det ikkje så mykje av no, noko både vi og kundane våre sparer pengar på, seier Fløysand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.