Kultur | 18. juni 2010

St. Hans på Lyshorn

Som del av Ole Bull 2010-programmet blir det i år St. Hans-feiring på Lyshorn. Litt som Ole Bull gjorde det, men utan brenning av oselvar.

St. Hans på Lyshorn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. juni 2010 12:43

Onsdag 23. juni er det tid for St. Hans-feiring igjen. I Os kommune blir det arrangert tur med busstransport, natursti og musikkopplevingar som del av feiringa, på og på veg opp til Lyshorn (404 moh.).

- Ole Bull fekk i si tid folk til å bera opp ein oselvar til bål på Lyshorn på St. Hans. Det gjer ikkje vi, sidan det er generelt forbod om bruk av open eld i utmark på denne tida av året, men med god utsikt kjem vi kanskje til å sjå eit og anna bål i vasskanten frå feiringa i høgda, skriv kultursjef Lisbeth Axelsen i ei pressemelding.

Os kommune oppfordrar alle som kjører bil til å parkera på Buena kai. Det blir sett opp gratis buss som kjører folk til og frå Lysekloster. Bussen kjører folk til klosterruinane frå klokka 17.30 til 19.00 og i retur frå klokka 21.30 til 23.30.

På vegen opp frå klosteret til Lysehorn blir det natursti med seinare trekning av flotte premiar og musikkopplevingar og historie om Ole Bull framført av elevar ved Lysekloster skule.

På toppen kjem Os spelemannslag og Lysehornet Brass til å underhalda. Mat og drikke må deltakarane ta med seg sjølv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.