Ståande applaus til dukkene

Full sal fredag og laurdag: Os kulturskule, Patricia Langeland og dei 116 dukkene hennar blei sett av 1000 i helga.

Patricia delte ut blomar til deltakarane etter framsyninga. Ho prøvde også å takka dei, men blei rørt til tårer over prestasjonen deira. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. juni 2012 08:49

Bildeserie:

Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
1 av 10
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)
Dukkemakeren i Oseana. (Foto: KVB)

– Kva gjer vi no, tenkjer eg. Det såg det ut til at mange av elevane tenkte òg, etter den siste framsyninga.

Les òg: Imponerande!
(bilde og video frå generalprøven)

Danselærar Patricia Langeland har også hatt manus og regi. Med seg har ho hatt to tidlegare elevar, Julia Agate Erstad Bergesen (koreografi) og sonen Benjamin Langeland (tekst) til å setja opp stykket.

– Dette har vore ein draum for meg. Eg er så takksam for at dei flinke elevane, og foreldra deira, har stilt opp på eit år med så mykje øving. Og eg er så glad for at det gjekk så fint og for at så mange kom for å sjå framsyninga.

– Eg prøvde å seia det til dei etter framsyninga, men då kom tårene. Eg klarte det ikkje.

Full sal og ståande applaus

Framsyninga blei vist i Oseanasalen fredag kveld og laurdag midt på dagen.

Begge framsyningane var for full sal, 2 x 500 tilskodarar, og fekk ståande applaus.

Tar vare på kvarandre

Patricia fortel om eit år med mykje gøy, ein god porsjon disiplin og ekstra mykje omsorg.

Dei 116 (!) deltakarane er frå 10 til 25 år.

– Du skulle sett dei på øving og bak scenen under framsyninga. Dei tar så godt vare på kvarandre og dei eldre ungdomane er så gode forbilde for dei yngre. Dei har nok lært mykje meir enn dans ved å vera med på dette.

Stille, stilsikkert og variert

Kombinasjonen mellom film og scenekunst fungerte godt, det gjorde også variasjonen i bruk av musikk og i inndeling i aldersgruppe og kostyme-type.

– Mange advarte meg mot bruk av dans utan musikk, som vi hadde i enkelte parti. Men Julia og Benjamin, som kjenner meg godt, forsto kva eg ville og var flinke til å bringa dette vidare til ungane, synes Patricia.

Framsyninga gjekk frå orden til kaos. Og til orden igjen. Elevane fekk improvisera for så å koma på rekke igjen.

– Elevane var så inne i rollene, i forteljinga, at eg trur ikkje dei sansa publikum medan dei var på scenen. Men etterpå var det nokre som sa; "såg du kor mange det var i salen?".

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.