Lokal | 02. sep. 2012

Stadfestar i kyrkja

Om lag 40 par giftar seg i Os-kyrkjene årleg. - Vi har òg fleire tilfelle av forbøn der brudeparet har gifta seg utenlands, fortel Monica Refsdahl.

Stadfestar i kyrkja
Lysekloster-ruinane er ein av plassane du kan gifta deg med kyrka si velsigning. (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresundag 02. sep. 2012 09:14

I går gjekk fire brudepar opp kyrkjegulvet i Os kyrkje for å lata seg smi i hymens lenkjer.

- Hittil i år har vi hatt 37 vigslar, fortel sekretær Monica Refsdahl.

I 2012 er det planlagt 45 kyrkjelege vigslar mot 38 i 2011 og 47 året før.

Fleire stadfestar giftermålet

Refsdahl fortel at dei kvart år har fleire som kjem til kyrkja for å få ei kristen velsigning av eit allereie inngått ekteskap.

- Folk har anten gifta seg i tinghuset eller vore på ein ambassade i Roma eller Los Angeles, og ønskjer å stadfesta kjærleiken ovanfor kvarandre og saman med familie med ei markering i kyrkja med påfølgjande bryllaupsfest.

- Forbønen er mykje lik ei ordinær viing, men formelt sett er brudeparet allereie kone og mann, seier Refsdahl.

Fire stadar godkjend

Den kyrkjelege inngåinga av ekteskapet må foregå på plassar som er vigsla grunn.

- Her i bygda er det dei to kyrkjene, Os kyrkje og Nore Neset kyrkje, som er mest brukt. I tillegg er kapellet og ruinane på Lysekloster vigsla og kan nyttast.

- Vi har av og til fått spørsmål om ein kan gifta seg på Moldegård, men det let seg ikkje gjera med kyrkja som vigselsmynde, avsluttar Refsdahl.

Færre vigslar - fleire i utlandet

I 2011 blei det inngått 23.100 ekteskap. Av desse blei vel 5 000 inngått i utlandet, noko som er 200 fleire enn i 2010.

10.200 ektepar blei skilde og 11.200 separerte i 2011.

Samanlikna med 2010 var det 450 færre vigslar, om lag like mange skilsmisser og 500 færre separasjonar.

Kjelde: ssb.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.