Stadion Sport blir nesten dobbelt så stor
Sportsbutikken i andreetasjen på senteret skal flytta.


Butikken som i mars i år skifta namn frå Sport 1 Os til Stadion Sport Os skal få nytt og større lokale.
Sportsbutikken blir verande i Amfi Os, men flyttar i oktober frå andre etasje ned i lokalet Wallendahl er i ferd med å flytta ut av.
Storleiken aukar frå 310 i dag til 580 kvadratmeter i nytt lokale i første etasje.
God utvikling
Butikken har auka jamt sidan oppstart i 2011. I 2015 blei det brutto omsetnad på 12,5 millionar kroner og eit driftsoverskot på rett over 700.000 kroner.
– Vi har hatt ønskje om å utvida ei stund og eg er glad vi klarte å sikra oss dette lokalet. Vi har hatt det veldig bra der vi er, og er ikkje så opptatt av etasje, men treng rett og slett større plass, seier innehavar Erik Rosendahl.
– Tekstil og sko er dei viktigaste varegruppene våre, Norrøna, Bergans, Rab, Nike og La Sportiva er blant dei merkene vi sel mest av.
Hightechmerket Pategonia, blant anna kjent for «ikkje kjøp denne jakken»-annonsen i New York Times, er nytt merke hos Stadion Sport denne hausten.
Større utval av same varegrupper
Rosendahl seier det ikkje er ambisjonar om å prøva seg på nye varegrupper i større lokale, men å styrka det dei allereie er gode på.
– Det blir større utval, samtidig gler eg meg til å få plass til å visa varene våre betre, seier butikksjef Maria Steien (bildet).
Butikken i andre etasje held ope fram til og med siste laurdagen før nyopning i nytt lokale torsdag 20. oktober.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.