Kultur | 24. jan. 2019

Stage Dolls til Osfest

Osfest slepp tre band i dag, eitt av dei var lista på Billboard på 80-talet.

Stage Dolls til Osfest
Stage Dolls debuterte i 1985, gav ut seks nye låtar i 2016 og fekk pris i 2017. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. jan. 2019 09:02

Bildeserie:

Vivillain. (Foto: Andris Hamre)
Vivillain. (Foto: Andris Hamre)
Eirik på Osfest i fjor. (Foto: KVB)
Eirik på Osfest i fjor. (Foto: KVB)
1 av 2
Vivillain. (Foto: Andris Hamre)
Eirik på Osfest i fjor. (Foto: KVB)

Eirik Søfteland sitt band Sipher og energibomene i bergensbandet Vivillain, som spelte på Torgfesten i Os sentrum i fjor, er klare for Osfest 2019.

Det er òg Torstein Flakne og resten av trønderane i Stage Dolls.

«Med evne til å fornya seg»

Flakne spelte i The Kids (Forelska i lærer'n) før han stifta Stage Dolls, kjent for blant anna «Love Cries» og «Love Don't Bother Me». I 1991 spelte bandet for 350 menneske i Oshallen, på ein konsert arrangert av Os Rockeklubb. No kjem dei tilbake på grusbanen i sentrum.

Stage Dolls debuterte med albumet «Soldier's Gun» i 1985, eit album dei blei nominert til Spellemannsprisen for. Seinare turnerte dei i USA, der låten «Love Cries» klatra til 46. plass på Billboard-lista og til 3. plass på AOR Radio Chart.

I 2017 blei bandet innlemma i Rockheim Hall of Fame for si evne til å fornya seg og å tiltrekka seg nytt publikum.

– Du kan seia at vi er eit av desse «lucky bands», som Tom Petty kalla det, nye fanskjem til kvart år, seier gitarist og vokalist Torstein Flakne i ei pressemelding frå Osfest.

Nyaste album, «Always», kom i 2010, men bandet spelte inn og gav ut seks nye låtar i 2016, blant desse «Hey Rock 'n Roll».

Skremte liv i Torgfesten

Hugsar du første band ut på Torgfesten i fjor? Folk hadde funne seg ein plass i sola og fått noko i glaset, og der blei festen blåst i gang av ei energibombe av eit ungt bergensband.

• Sjå video og bildeserie frå Torgfesten

Livebandet blir skildra som god blanding av lett og tung rock «med hjarte for 80-talet og hjerne frå 2017».

Suksess-Søfteland tilbake med Sipher

Då Eirik Søfteland runda av festivalen i 2018 gjorde han det på ein måte berre Kurt Nilsen har gjort på Osfest før.

No kjem han tilbake med bandet sitt «Sipher», som gav ut debutalbumet «Atlas» i september 2018.

«Mektige refreng, spennende riff, interessante tonerekker – dette er en debut det står respekt av», skreiv BT om debutalbumet til Sipher.

• Etterpåfilm: Osfest 2018

På Osfest speler han og bandet frå debutalbumet, men òg av band dei er inspirerte av.

Til no er desse artistane og banda klare for Osfest 2019: Sondre Justad, Violet Road, Untouchabl(u)es, Stage Dolls, Vivillain og Sipher.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.