Lokal | 11. nov. 2019

Stal 150 hk påhengs på under eitt kvarter

Politiet ber om tips etter tjuveri frå båt på hengar i Askvik søndag kveld.

Stal 150 hk påhengs på under eitt kvarter
Båten sto på hengar på Båtens Beste si brygge då påhengsmotoren blei stolen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. nov. 2019 13:49

I september blei ein 150 hk Yamaha stolen frå Særvollsvika, i oktober blei to tilsvarande motorar stolne frå to båtar i Lønnevågen i Nordstrøno.

Søndag kveld blei ein 150 hk Suzuki stolen frå Askvik.

– Tjuveriet skjedde mellom klokka 20.45 og 21.00 søndag, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Påhengsmotoren sto på ein båt som var på land, på ein hengar ved Båtens Beste.

* Midtsiden fekk opplyst at båten sto på kai ved Askvik Brygge, men det var altså på nabokaien, hos Askeladden-forhandlaren, at tjuveriet skjedde.

Ber om tips

Politiet har i dag vore i Askvik for å sikra spor, og for å patruljera i området rundt Askvik Brygge.

Dei vil førebels ikkje ut med koreis dei veit at tjuveriet skjedde i dette knappe tidsrommet, eller kva spor dei allereie sit på.

– Om nokon har sett noko som kan ha med tjuveriet å gjera, ber vi dei om å ta kontakt.

Når politiet har ei så god skildring av tidsrommet, håper dei at dette kan føra til relevante opplysingar for det vidare etterforskingsarbeidet.

Politiet har, etter tjuveria frå Nordstrøno, hatt hyppig patruljering av dei større hamnene i Os. Dette har tydelegvis ikkje vore avskrekkande nok.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.