Stal blautkake og gravemaskin
Raid i Holtbrekka: Innbrot i brakke, tjuveri av cola, blautkake og gravemaskin - og forsøk på tjuveri av bil.

Bildeserie:
Måndag morgon fekk politiet melding om tjuveri av gravemaskn frå ein byggeplass i Holtbrekka.
Det er Hylland AS, som legg nye rør og rustar opp vegen i Holtbrekka og Holt, som er utsett for tjuveri og hærverk.
– Dei har tatt seg inn i brakka vår ved å knusa ei rute. Inne i brakka har dei ete blautkake, drukke cola, gått på do – og stole nøklane til ei gravemaskin, fortel anleggsleiar Fredrik Årvåg.
Gravemaskina, ei Komatsu hjulmaskin på 9 tonn, er kjørt frå parkeringsplassen til Fjellheim til den sto fast på gang- og sykkelvegen over Best-stasjonen.
– Nøklane sto heldigvis i då vi kom på jobb i dag. Vi er også glad for at dei truleg ikkje har gjort skade på maskina eller omgjevnadane.
Prøvde å stela bil
Medan Midtsiden var på staden sto ein fortvila bileigar på parkeringsplassen på taket av den nye Best-stasjonen.
– Bilen har vore på verkstad, men no må den nok inn igjen til reparasjon, seier han som kom for å henta bilen.
Den eine ruta er knust og nokon har røska vekk tenningslåsen i forsøk på å kopla bilen for å få den til å starta.
Politiet skal vera på veg til staden.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.