Lokal | 02. mars 2021

Stal elsykkel mens eigar var og handla

– Var berre ti minutt inne i butikken.

Stal elsykkel mens eigar var og handla
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. mars 2021 08:27

Måndag klokka 20.04 fekk politiet melding om tjuveri av sykkel.

– Sykkelen sto utanfor ein butikk på Gudriflaten då den forsvann. Eigar var visst berre ti minutt inne i butikken, då vedkomande kom ut var sykkelen vekke, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Den sakna sykkelen er ein elsykkel av merket Scott. Sykkelen er svar og har defekt lys framme.

Mistenker innbrotsforsøk

Ein time seinare, klokka 21.02, fekk politiet melding om mogleg innbrotsforsøk.

– Meldar hadde sett ein person som lyste inn i eit bygg nord for Os sentrum, og såg ut som om han skulle til å bryta seg inn. Då meldar gjorde seg til kjenne, og spurde kva han heldt på med, kasta han seg på ein sykkel og stakk frå staden.

Sykkelen var ikkje identisk med den stolne elsykkelen, men ein gul DBS.

Skilt køyrd flatt

Natt til tysdag, i 04.30-tida, fekk politiet melding om eit nedkøyrd skilt på Halhjemsvegen.

Patruljen køyrde ut og fann eit retningsskilt på ei refuge som låg flatt.

Dei rydda på staden og varsla Vegtrafikksentralen.

Fann død rovfugl

Tysdag morgon, litt over klokka 08, fekk politiet melding om funn av ein død rovfugl, truleg ein falk.

Ei kvinne hadde funne denne utanfor arbeidsplassen sin.

Ved funn av døde dyr som kan ha døydd av sjukdom, skal Mattilsynet varslast. Det har vore nokre tilfelle av fugleinfluensa i Bergen den siste tida.

Ei svane som blei funnen død i Os hamn i januar viste seg å ikkje vera smitta av fugleinfluensa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.