Lokal | 17. okt. 2019

Stal hjartestartar som berga liv for to år sidan

– Den skal erstattast, og den nye skal også henga ute, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Stal hjartestartar som berga liv for to år sidan
Onsdag kveld blei det oppdaga at livreddaren frå 2017 er stolen frå utsida av kiosken på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. okt. 2019 08:33

I november 2016, då Os Bygg og Eigedom feira 50-årsjubileet sitt, gav dei vekk seks hjartestartarar designa for å henga utandørs, til seks frivillige lag i Os kommune.

I november 2017 gjekk Rolf Hustad i bakken etter å ha løpt 3000 meter. Han hadde fått hjartestans, og han hadde ikkje overlevd utan hjartestartaren som hang på kiosken på Kuventræ.

• Les intervju med Hustad på BT.no (abo), eller sitat frå saka på rodekors.no.

Onsdag kveld blei det oppdaga at hjartestartaren er vekke.

– Dette er alvorleg! Eg håper den eller dei som har gjort dette innser kor tankelaust det er, og ønskjer dei velkomen til å levera den tilbake, anten dei kjem på dagtid eller kjem anonymt om kvelden og legg den ved inngangen til klubbhuset, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Blir erstatta

Det er uvisst kor tid tjuveriet har skjedd, men det har vore i nyare tid. Politiet fortalte onsdag om hærverk på Halhjem natt til tysdag. Midtsiden kjenner til at det har vore ein del hærverk i Varåsen i 04.30-tida natt til tysdag, der blomsterpotter i privat hage har blitt kasta utover bilvegen. Også inngangsdøra til Os Rockeklubb, i kjellaren under Oshallen, har blitt utsett for hærverk.

– Eg veit ikkje om dette er tjuveri eller hærverk, men vil ta meg ein spasertur i området for å sjå om nokon har kasta den i ei grøft.

– Det er kostbart å skaffa ny, vi får sjå korleis vi løyser det. Men vi vil uansett erstatta den snarast, og trass tjuveriet skal den framleis henga ute. Vi håper dette er siste gang noko liknande skjer.

Det er allereie ordna med ein midlertidig erstattar, frå Hordaland Røde Kors, ein reserve som kjem på plass på kiosken allereie i ettermiddag.

Også Osbadet har hjartestartar, men Hustad seier til Røde Kors at utan den som hang utandørs ville han ikkje ha berga livet denne novemberdagen i 2017.

• Les òg: Ny oppmoding om å registrera hjartestartarar (juli 2019)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.