Lokal | 10. mars 2020

Stal to motorar frå hamn på Strøno

Braut seg inn og plukka motorar av båtar som sto på land.

Stal to motorar frå hamn på Strøno
Ein av dei to båtane som er utsette for tjuveri. På denne sto ein 150 hk Yamaha. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. mars 2020 12:46

Tysdag klokka 10.45 fekk politiet melding om innbrot og tjuveri frå Os Seilforening si hamn i Kvernavika.

– Hamna er stengt av med låst bom, men låsen var broten opp, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Patruljen har nyleg avslutta på staden, og han har foreløpig ikkje oversikt over merke eller storleik på motorane.

OPPDATERT: Båteigar har kontakta Midtsiden og fortalt at minst éin av dei to stolne motorane er ein 150 hestekrefter Yamaha.

Hamna har over 100 båtplassar. Begge motorane som er sakna sto på båtar som er på land.

Truleg 150 hk

Medlem i seilforeninga, Asbjørn Forstrønen, fortel at det først blei oppdaga at låsen var broten opp.

– Då var det berre tilå byrja å leita etter teikn på tjuveri, seier Asbjørn.

Han er overraska over kva tjuvane har fått med seg.

– Den eine båten sto på hengar med hekken litt inn i skogen. Det er ikkje enkelt få denne med seg, motoren veg sikkert oppmot 250 kilo.

– Dei må ha hatt med seg noko bra utstyr.

Boltane er kappa. Det er elles ikkje gjort unødig skade på båtane. På båten ved sidan av står ein Yamaha 115 hk, som fekk stå i fred.

Politiet er interessert i tips.

Tjuveri av store påhengsmotorar, spesiel 150 hk av merket Yamaha, har vore ein gjengangar i distriktet det siste året. I fjor blei det tatt motorar frå både Særvollsvika og Lønnevågen i andre enden av Strøno.

Os Seilforening i Kvernavika på Strøno. (Foto: KVB)
Os Seilforening i Kvernavika på Strøno. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.