Lokal | 10. nov. 2019

Stal øl og tente bål

Tiltalte blei òg dømt for trugslar og narkotika.

Stal øl og tente bål
Bergen tinghus. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. nov. 2019 09:11

Ein mann i 40-åra frå Os blei denne veka dømt for ei rekkje lovbrot, dei fleste utført hausten 2018.

Sju gongar på tre månadar blei han tatt for tjuveri frå butikk, i tillegg hadde han to tilsvarande tilfelle på seg frå tidlegare på året.

Det er stort sett ein sekspakning med øl han har tatt med seg frå butikkane, men òg joggesko og jakke, lommelykt og sjokolademjølk.

I november i fjor tente han bål inntil ein husvegg, i juni i år tente han to bål langs vegen, som han gjekk ifrå mens det brann. I juni sendte han òg ei trugande melding til dottera til ei dame han tidlegare har hatt eit forhold til.

Mannen har òg vore tatt med ein brukerdose amfetamin, for oppbevaring av 29 rivotril og for forsøk på oppbevaring av 207 rivotril (tablettane blei funnen heime hos tiltalte, men blei ikkje sendt til analyse, derfor «forsøk på» oppbevaring).

Betydeleg beløp?

Tiltalte møtte og erkjente seg skyldig på alle punkt, med unntak av tilleggstiltalen som handla om to bål i juni i år.

Retten la til grunn at den vegleiande verdigrensa for kva som blir sett på som ubetydeleg beløp går ved om lag 2000 kroner, men samtidig er det her, over tre månadar, stole for til saman over 2.700 kroner.

«Tiltalte har ikke latt seg avskrekke av at han flere ganger er tatt på fersk gjerning. Samlet sett vurderer retten at straffskylden ikke er liten» skriv Nordhordland tingrett.

Både oppbevaring og forsøk på oppbevaring av over 200 narkotiske tablettar kvalifiserer for fengselsstraff, det same gjer eldspåsetjing.

«Særlig vil et bål inntil en husvegg ha et skadepotensial, samtidig som det skaper frykt og usikkerhet hos beboerne i huset» skriv retten.

Slapp fengsel

Sidan saksbehandlinga samla sett har tatt noko lang tid, og at tiltalte no blir følgt opp og er nærmast rusfri, slapp han fengsel.

Tiltalte blei dømt til 116 timar samfunsstraff, subsidiært 116 dagar fengsel.

Gjennomføringstida er sett til 120 dagar.

Han blei òg dømt til å betala 999 kroner i erstatning for ein jakke han stal, og 3000 kroner i sakskostnadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.