Kultur | 17. mai 2010

Stal showet

Lissi Tunes og Os-russen sto for ei livleg avslutting på 17. maifeiringa på Kyrkjeflaten. Sjå video!

Stal showet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. mai 2010 20:17

Bildeserie:

1 av 18

Elevar frå 7. klasse ved Os skule, Nils Andris Hamre, Hillevi Brita Høyem, Amalie Haukås og Ingrid Marie Stokke, opna arrangementet på Kyrkjeflaten under dagens 17. maifering i Os sentrum. Med ein fin og morosam tale kom underhaldninga frå scenen i gong, og kultursjef Lisbeth Axelsen leia oss stødig vidare til fleire gode innslag.

SJÅ BILDESERIE FRÅ TOGET

Barnekoret frå Kuventræ skule (1. og 2. klasse) gjorde stas på Gustav Lorentzen, som nyleg døydde, med Knudsen & Ludvigsen-låtar, før Hedevig Holst frå Os Høgre delte ut pris for beste og mest morosame innslag i toget. Prisane gjekk til speidarane og Os brannvesen.

Så var det helsing til Osbygda ved kunstnar Arne Mæland, opprinneleg frå Etne, men med fleire tiår bak seg i Os. Arne snakka om naturen i Os, og folket i Os, som han meiner er flinke til å «bry seg om andre og kvarandre».

Mæland si tale var innbakt i fleire innslag av tre ulike grupper av Lissi Tunes, songgruppe, trekkspelgruppe og dansegruppe. Og Lissi Tunes sørgja saman med Os-russen for ei livleg avslutting på feiringa på Kyrkjeflaten, runda av med talen til
russepresident ved Os Gymnas, Mia Helene Lindborg.

Lindborg serverte ein avslappa og vittig tale fullstappa av Søfteland-reklame. I korte trekk: Søfteland har alt; dei beste pannekakene og den beste festivalen (som forresten starta billettsalet 17. mai).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.