Næringsliv | 06. feb. 2014

Står Statoil i fare?

I nye planar er bensinstasjonen erstatta av bustadar, i tillegg er det få år igjen av leigekontrakten.

Står Statoil i fare?
Nils Øyvind og pappa Henrik Eidsvik. Dei kvite bygga er mogleg komande bygg, som parkeringshus til venstre og bustadar der bensinstasjonen ligg, midt i bildet. (Ill. ABO/foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. feb. 2014 21:04

Onsdag for to veker sidan, under folkemøtet om prosjektet Liv på Øyro og planane for framtida, kom det fram spørsmål om gjestebrygga, frigjeving av plass og eventuell fjerning av Esso-stasjonen.

Tor Inge Døsen frå Os kommune viste til tidlegare erfaringar og sa at sjansane var minimale for at Esso ville gje frå seg tomta. Men seinare i møtet nemnte han at grunneigar der Statoil leiger stasjon er eit firma frå Bergen, og at det berre er nokre få år igjen av leigekontrakten med Statoil.

Og denne veka blei reguleringsplanen for området, livet langs linja, som no skal opp til behandling gjort kjent. Her er det teikna bustadar der Statoil-stasjonen ligg.

Har ny kontrakt

Det er Eidsvik-familien sitt selskap, Osøyro Autosenter AS, som driv bensinstasjonen og verkstaden.

– Eg har ikkje høyrd noko om at Statoil vil vekk. Vi teikna ny leigekontrakt med Statoil i fjor, sommaren 2013.

– Vi fekk berre for fem år, men hadde fått for ti år om Statoil hadde hatt lengre kontrakt med grunneigar, legg han til.

– Skal ikkje blanda oss

I reguleringsplanen står det også: "Ein av bensinstasjonane er planlagt riven som følgje av planforslaget."

– Om Byvegen skal rettast opp og leggast om inn mot rundkjøringa, og vi skal gjera om på bussterminalen, så kan vi få behov for delar av Statoil-tomta, seier Tor Inge Døsen.

Området er brunt på kartet, altså regulert til sentrumsformål.

– Om lokalsamfunnet har bruk for tre stasjonar midt i sentrum er heller tvilsamt. Men vi er ikkje grunneigar, og vi skal heller ikkje blanda oss opp i kven grunneigar vil ha som leigetakar.

– Lyttar til Statoil

Grunneigar er eit dotterselskap av Midgard Gruppen AS. Dei kjøpte tomta av Tide for rundt 5 år sidan, og eig også Kaien og Peppes-bygget.

– Vi har ikkje signal på at Statoil vil vekk, seier medeigar i Midgard Gruppen, Ståle Simonsen.

– Men vi har vore i møte med Os kommune, og diskutert deira ønskje med den nye planen. Det er mogleg at det blir nokre grensejusteringar, at dei får litt av området ved pumpene og at vi får igjen nokre kvadratmeter i ein annan ende av tomta.

Simonsen seier Statoil er ein leigetakar han lyttar til.

– Samtidig er det er greit at kommunen legg planan som opnar for andre typar av bruk av tomta, om det i framtida blir behov for endringar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.