Sport | 22. jan. 2017

Start med høgt tempo i Bring

Bringjentene til Os/Nore Neset fekk ein godkjent start i den nasjonale serien, med siger over HK Rygge.

Start med høgt tempo i Bring
Frida Sælen Lyssand blei toppskårar med 7 mål mot HK Rygge (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 22. jan. 2017 19:10

Det blei to kamper med høgt tempo då Os, som består av spelarar frå samarbeidslaget Os/Nore Neset, møtte Gneist og HK Rygge i den nasjonale Bringserien heime i Nore Neset Aktivitetshus og Oshallen søndag.

Gneist-Os 31-18 (15-9)
Utv: Gneist 3x2 min, Os 2x2 min
Os sitt lag: Anne Dorthe Hausberg, Amalie Evensen, Vilde Lind Nordvik 1, Nora Berge 1, Emma Sælen Lyssand 1, Lene Cathrine Olsen Sande 3, Frida Sælen Lyssand 2, Vivi Dang, Kine Sælen 2, Anna Martine Mjånes 1, Ayleen Akyuz Hagen 1, Regine Steen 6, Christiane Gjertsen, Charlotte Pettersen.

– Kampen mot Gneist blei omlag som vi hadde frykta og forventa. Kanskje hadde vi forventa ein betre kamp frå vår side, men samstundes så visste vi at om Gneist fekk kampen sin til å flyte, så blei det tøft. Og det fekk dei, oppsummerer Trond Budal, som saman med Fredrik Andresen og Christian Sande er trenar for jentene.

Gjekk ut i 120

I søndagens andre kamp, møtte Os HK Rygge som tidlegare hadde tapt 15-23 for Gneist. Os gjekk ut i eit høgt tempo, noko som tydeleg stressa motstanderane frå austlandet.

– Det var kampplanen. Vi såg mot Gneist at dei sleit når tempoet blei høgt.

Os lyktes bra med planen anført av ei god Frida Sælen Lyssand på venstrekanten og strekspillar Charlotte Pettersen, som gang på gang kom til gode avslutningar som følgje av kontringsspelet.

Os - HK Rygge 27-26 (18-11)
Utv: Os 4x2 min, HK Rygge 3x2 min
Os sitt lag: Anne Dorthe Hausberg, Amalie Evensen, Silje-Marie Ognøy Hamre, Vilde Lind Norvik 4, Nora Berge, Camilla Halhjem, Emma Sælen Lyssand, Lena Cathrine Olsen Sande 5, Frida Sælen Lyssand 7, Kine Sælen 2, Ingrid Fagerbakke, Ayleen Akyuz Hagen, Regina Steen 3, Charlotte Pettersen 6.

Blei litt for trygge

Med sju måls leiing såg det ut til at dei hadde kampen i si hule hand, men gjestane ville ikkje gje seg og åt seg innpå Os utover i omgangen.

– Vi får nok ein falsk tryggleik i starten på andre omgang, siden vi leiar så komfortabelt til pause. Vi sa i pausa at vi skulle halde fram med å halde trøkket, men blei litt overivrige og klussa det til for oss sjølv i angre.

– Rygge klarer å få kampen inn i sitt spor, noko som gjorde at vi blei stressa. Det blei unødvendig spennande, men var nok ein underhaldende kamp for dei på tribunen, kommenterer Budal tørt.

Os klarte å halde unna og satte inn det avgjerande sigersmålet med berre 20 sekund att av kampen.

– Det smakte utruleg deilig. Eg trur det var viktig for gruppa å få to poeng i opningsrunden. Det gjer at vi tek med oss sjølvtillit inn i neste runde mot Byåsen, Lisleby og Frøya. Tek vi fire poeng der skal vi vera særs nøgd.

– Nivået i årets Bringserie er vanskeleg å dømma ut frå 1. runde, etter den neste veit vi nok meir om kor vi ligg, avsluttar Budal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.