Fotball | 16. jan. 2018

Starta året på landsdelssamling

Tre av dei mest lovande fotballspelarane i regionen er frå Os.

Starta året på landsdelssamling
Spelarane frå Hordaland som deltok på samlinga. (Foto: NFF)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. jan. 2018 12:11

På bildet: Bakre rad; Magnus Johansson (spillerutvikler), Andrea Kvamme (Åsane), Elise Alsaker Kvinge (Sandviken), Anna Oline Harnes (Nordhordland), Madelen Koldal Holme (Sandviken), Elise Barsnes (NFF Hordaland). Framre rad; Vilde Drange Veglo (Os), Mathilde Sangolt (Sotra), Malin Solstrand Ludvigsen (Nore Neset), Ida Holm Neset (Stord).

Den første veka i januar var det landsdelssamling for dei mest lovande 15- og 16-åringane i landet, 50 spelarar per kjønn og årgang.

Blant jentene i uttaket, som var klart i desember, er tre frå Os; Malin Solstrand Ludvigsen (fødd i 2003), Madelen Koldal Holme (2002) og Vilde Drange Veglo (2002).

«Landsdelssamlingen er det nest øverste nivået i NFFs spillerutviklingsmodell, der neste steg er landslag. Spillerne skal i løpet av samlingen vise seg frem for landslagstrenerne og få skolering med utgangspunkt i fotballforbundets landslagsskole» skriv NFF om samlinga.

– Dette er spelarar som ha overbevist mange før dei kom så langt. Dei har prestert godt i klubb, på sonesamling og kretslag før dei kom i Østfoldhallen. No er neste steg å ta ut ein landslagstropp, seier Håkon Grøttland, fagansvarleg for landslagsskulen i NFF.

Modellen har tre hovudintensjonar.

– For det første å vera ein referanse- og stimuliarena for våre aller beste spelarar. For det andre vera ein arena kor vi kartlegger inn mot aldersbestemte landslag, og gjennom dei ulike nivåa skal vi finna spelarar som er best eigna til å spela landskampar.

– For det tredje er det òg ein skuleringsarena inn mot landslag, sånn at spelarane har nokre felles år i ryggsekken når dei speler sine første landskampar.

Lærerik fellesskap

Jentene frå Os seier det blei som dei rekna med, trening med andre på høgt nivå, leia av gode trenarar.

– Det er veldig gøy å møta andre som er like gode eller betre på nokre område, då gjer vi kvarandre betre. Det er òg kjekt med nye innspel og ny lærdom, ting eg kan ta med meg i treningskvardagen heime, seier Madelen.

– Eit høgt nivå på trening og i kamp gir dessutan gode referansar på kor vi sjølv ligg an i forhold til andre på same alder. Det er motiverande, seier Vilde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.