Sport | 10. juli 2019

Starta ferien med fem dagar på landslagsskule

Nora B. Nøss fortel om lærerike dagar i Porsgrunn - og ein skade som kan truga Norway Cup-planane hennar.

Starta ferien med fem dagar på landslagsskule
Nora saman med Guro Reiten og fagansvarleg for landslagsskulen, Håvard Grøttland. (Foto: Joakim Maylove Moltzau)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. juli 2019 07:50

Bildeserie:

1 av 2

I starten på juni blei Nora Blindheim Nøss, som fyller 14 år til hausten, tatt ut til si andre av to moglege samlingar med dei største fotballtalenta i Noreg.

Equinor talentleir er øvste nivå i Norges fotballforbunds Landslagsskole, som har som mål i driva systematisk talentutvikling for å skapa Noregs framtidige landslag.

Samlinga i Porsgrunn, som gjekk frå laurdag 29. juni til onsdag 3. juli, var for 80 av dei største talenta i aldersgruppa 14 til 16 år.

– Denne samlinga var litt lengre enn den førre, og gruppa mi blei leia av ein annan trenar enn sist. Elles var det ein del av dei same jentene som var med, men òg nokre nye, fortel Nora Blindheim Nøss frå Os Fotball til Midtsiden.

Ved sidan av trening og to kampar var de foredrag. Fokusområde var blant anna korleis dei ulike lagdelane skal jobba saman.

– Det var lærerikt, og det var veldig kjekt å få møta Guro Reiten, seier Nora om den komande Chelsea-proffen som var med som instruktør og motivator.

Nora var sjølv på eit opphald i Chelsea i fjor haust.

– Det er imponerande å sjå det nivået som desse jentene viser, og det lover godt for framtida til dei norske landslaga, seier mentor Reiten i ei pressemelding frå NFF.

Ho håper kvinnelandslaget sin innsats i VM i Frankrike har vore til inspirasjon.

Måtte stå over siste kamp grunna skade

Ved sidan av foredrag og trening blei det spelt to kampar mellom dei to likestilte troppane av J14-spelarar som var tatt ut.

Nora spelte frå start og halve andre omgang i den første kampen.

– Eg er mest vant med å spela sentral midtbane, men har òg spelt ein del indreløpar, som eg gjorde heile første omgang på samlinga. I andre omgang var eg kant. Det var nytt for meg, men sjølv om eg er vant med fleire involveringar enn du får ute på kanten, så trivst eg i denne rolla òg.

På tampen av samlinga fekk ho ein skade i lysken. Denne gjorde at ho måtte stå over den siste treninga og den siste kampen.

– Dessverre kjenner eg skaden enno. Eg har fått hjelp og eit opplegg for restitusjon, og håper eg blir frisk og speleklar til Norway Cup.

Nora skal spela med Os 1 i gutar 14 i Norway Cup. Første kamp blir spelt søndag 28. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.