Starta flashmob i kantina
VIDEO: Tiandeklassingane ved Os ungdomsskule hadde noko ekstra å by på i storefri i dag.

Bildeserie:
– Vi har dansa ein del og dei har likt det og dei har vore veldig flinke, seier musikklærar Janie Froestad Laupsa.
I dag overraska dei til saman rundt 130 tiandeklassingane hennar resten av skulen med flashmob i storefri.
Janie seier at ideen hennar om å organisera flashmob blei veldig godt mottatt.
– Det var også mange som meldte seg frivillig til å vera den som starta dansen. Valet falt på Marielle, litt sidan ho fylte 16 år i dag.
Rampete Marielle
Verken rektor, lærarar eller elevar ved 8. og 9. trinn visste kva som skulle skje.
– Eg har litt vondt i magen, sa Marielle Engelsen, før det ringte ut til storefri.
Marielle gjekk oppå bordet, venta til ein lærar ba ho gå ned, noko ho nekta på. Og så starta musikken.
– I går så tenkte eg «kva om alle har lurt meg, om eg blir ståande åleine å dansa». Men det gjekk jo bra.
VIDEO: Her kan du sjå delar av dansen. (Foto: KVB, midtsiden.no)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.