Starta hausten med solid bortekamp i Sogndal
To mål av Simen A. Næss då Lysekloster klatra forbi Fana på tabellen.
I dag blei fem kampar spelt i 3. divisjon avdeling 4, som start på haustsesongeni Norsk Tipping-ligaen.
Lysekloster spelte borte mot Sogndal 2, som låg på 7. plass med 17 poeng etter vårens 11 kampar.
– Vi dominerte i grunnen heile kampen. Dette var solid, synest Lysekloster-trena Ruben Hetlevik.
Sogndal 2 - Lysekloster 0-2 (0-2)
Målskårar: Simen August Næss (30. og 45.)
Tropp og kampfakta på fotball.no
Damian Kamil Garbacik sona karantene etter gult kort heime mot Vestfossen før ferien, Szymon Walczak spelte frå start i dag.
0-1 kom etter at Lysekloster vendte spelet rask, og Nikolai Harris kom til innlegg. Eit kvarter seinare kom eit fint angrep langs sentrallinja, som endte med at Næss blei tredd gjennom.
– Det einaste eg har å setja fingeren på i dag er at vi burde ha skåra nokre fleire mål. Den siste halvtimen, då det nesten såg ut som om Sogndal 2 hadde gjeve opp, hadde vi òg nokre sjansar der vi kunne vore noko meir tolmodige, så hadde vi spelt sjansane endå større.
Klatra til 3. plass
Lysekloster er no oppe i 25 poeng, og klatra med det forbi Fana og opp til 3. plass på tabellen.
Fana tapte i dag 2-0 borte for Fyllingsdalen, og har dermed framleis 24 poeng.
23 mål på to kampar (fleire resultat frå dagens runde)
Vard Haugesund har overtatt tabelltoppen etter 0-11 (!) borte over Valdres, som er Lysekloster sin neste motstandar (på heimebane laurdag om ei veke).
Stord imponerte like mykje, og slo Fjøra 12-1!
Vard er a-poeng med Djerv 1919, som kjem til Kuventræ for å møta Os i morgon.
Vestfossen har i dag slått Bergen Nord 2-1 lengre nede på tabellen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.