Kultur | 16. sep. 2011

Starta haustsemesteret i storsalen

Os Senioruniversitet starta hausten med å forstå kunst betre. Oseana var passande arena for professor Danbolt.

Starta haustsemesteret i storsalen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. sep. 2011 13:43

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 5
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Professor Gunnar Danbolt sto for undervisinga då Os Senioruniversitet måndag inviterte til start på haustsemesteret 2011.

Danbolt har blant anna mottat Meltzers Høyskolefonds Forsknings- og Formidlingspris (2007) og blei same år utnemt til riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats som kunstformidlar.

Ekstern lenkje: Om Gunnar Danbolt på Wikipedia

Med omvising

Os Senioruniversitet, som vanlegvis har forelesingane sine i Kløvertun i Os sentrum, brukte Oseanasalen då Danbolt skulle snakka om «Norsk kunst fra I. C. Dahl og Edvard Munch».

Påfølgjande omvising i kunstmuseet gjorde det ekstra praktisk med forelesing i Oseana, i tillegg var det godt med god plass til dei nesten 200 som møtte fram.

Fleksibelt hus

Ordførar Terje Søviknes, som kom rett frå stemmelokala i Lysefjorden, sto for opninga av haustsemesteret. Han fortalte «studentane» om Oseana, om målsetnadane og resultata, om fleksibilitet, miljø og universell utforming.

– Når det gjeld miljø så overleverer vi, når det kjem til universell utforming står det igjen litt plukk, blant anna nokre dørstokkar som må vekk.

– Og snakkar vi om fleksibilitet så synes eg også vi kan vera nøgde, torsdag hadde vi dei to første store firmakonferansane her, det eine av seminara med påfølgjande bankett. Fredag spelte Harmonien i Oseana, og dei skal ha vore veldig nøgd med akustikken, laurdag var det Nasjonalballetten, førre søndag hadde vi fullt hus på kino, i dag er de her og neste helg kjem ORBO for å ha plateslepp, ramsa Søviknes opp.

Juvelen i første etasje

Etter at Søviknes hadde ønskt velkomen var det styreleiar i Os Senioruniversitet, Aase Rokne, sin tur å seia nokre ord. Elevar frå Os Kulturskule spelte Ain't Misbehavin av Fats Water og så starta Danbolt.

– Det er ein juvel av eit skattkammer de har i førsteetasjen her, sa professoren om kunstutstillinga og samlinga til Grieg.

– Bilda står ikkje kronologisk sortert, det er mange andre omsyn å ta når du monterer ei utstilling. Men alle epokane er der, du får eit samanhengande stykke kunsthistorie ved å studera utstillinga.

Danbolt heldt fram med interessant historieforteljing, innimellom med humoristisk vri, om starten med I. C. Dahl som kom til Noreg frå Danmark på 1850-talet og reiste rundt i heile Sør-Noreg som prospektmalar, og vidare med kunstnarane som følgte.

Os Senioruniversitet har fire forelesingar til før jul. I dei neste kjem Jimmy Øvredal og fotografane Liv‐Randi Lind og Oddmund Lunde, museumspedagog og historikar Knut Høyaas, professor Helge Drange og skodespelar og teatersjef Bjarte Hjelmeland.

Her finn du haustprogrammet til Os Senioruniversitet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.