Lokal | 28. aug. 2019

Starta kartlegging etter omtale i Klassekampen

Luranetunet: Tillitsvalte og tilsette fortel om kritikkverdige forhold. Rådmannen starta kartlegging i dag.

Starta kartlegging etter omtale i Klassekampen
Rådmann Christian F. Fotland, her på budsjettmøte på Sandsli hausten 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. aug. 2019 20:49

I ein artikkel i Klassekampen i dag fortel to tilsette, Irene Vågen og Helene Thuen om frustrasjon og mangelfull bemanning på Luranetunet.

I eit brev dei sendte i januar fortel dei om blant anna:
• Pasientar som døyr åleine utan at tilsette eller pårørande er til stades.
• Feilmedisinering grunna høgt arbeidspress.
• Reinhald på pasientrom som sviktar så mykje at pårørande vil overta vaskinga.
• Unge lærlingar vert sett til å sjå til døyande pasientar.

Les heile artikkelen på Klassekampen.no

Dei fortel òg at når dei krev auka bemanning blir dei møtt med mistillit og kritikk, og blir beden om ikkje å snakka ned Luranetunet.

Hovudtillitsvalt Tone Gry Lyssand seier ho kjenner seg godt igjen i skildringane. Ho fortel at det er ti avdelingar, og at det er dei seks demensavdelingane som slit. Når dei krev fleire stillingar får dei beskjed om at viss ikkje Luranetunet held budsjetta så vert institusjonen privatisert igjen.

Starta kartlegging i dag

Onsdag kveld har rådmann Christian F. Fotland sendt eit brev til gruppeleiarane i Os kommunestyre, med kopi til lokalpressa.

Her fortel han om brevet frå tilsette i januar, arbeidet som blei gjort i etterkant og eit nytt brev som kommunen blei kjent med i dag, og som Klassekampen referer til i sin artikkel.

– Omtalen i Klassekampen viser at saka ikkje er løyst. Vi har starta kartlegging i dag og vil i tillegg undersøka med jurist om dette kan vera ei varslingssak (moment av lovbrot, mangelfull oppfølging av gjentatte bekymringsmeldinger).

– Vi tar situasjonen på største alvor! seier rådmannen i meldinga som gjekk ut i kveld.

Under følgjer heile brevet frå rådmannen:

Til alle gruppeleiarane i Os kommunestyre

Det har i dag vore eit oppslag i Klassekampen vedr eldreomsorgen i Os og Luranetunet. Rådmannen og vi i administrasjonen har behov for å orientere gruppeleiarane kort om situasjonen kring saka og status pr no.

Bakgrunn: I januar mottok kommunalsjef for helse og omsorg eit brev frå hovudtillitsvald sjukepleiarforbundet der det vart retta bekymring kring bemanning, arbeidspress og arbeidstilhøva for dei tilsette på ei avdeling.

I går morges vart vi kjent med eit nytt brev knytta til same avdeling og mange av dei same utfordringane. Dette brevet vart sendt direkte til Klassekampen. Innhaldet i brevet er i stor grad gjengitt i Klassekampen.

I etterkant av motteke brev i januar starta kommunalsjefen og einingsleiar ein prosess i lag med tillitsvalde og dei tilsette for å sjå på tiltak for å betre situasjonen. Rådmannen tok opp brevet i drøftingsmøte med hovudtillitsvalde, og kommunalsjef fekk i oppdrag å kalle inn til fellesmøte med HTV og verneteneste på Luranetunet. Det vart holdt eit avklaringsmøte/kartleggingsmøte 31. januar med HTV og verneombod. Det vart då sett ned punkt om samhandling og samarbeidsrutiner mellom leiing, HTV og verneteneste.

Det vart vidare eit fokus på nærværsgruppene på Lurane. Det vart semje om å bruke desse konstrukivt i det vidare arbeidet i samhandlinga mellom leiinga og dei tilsette for å sikre god informasjonsflyt ut i avdelingane.

Kommunalsjefen hadde jamnlege samarbeidsmøte med einingsleiar der ressursituasjonen mellom anna var tema. Det vart sett in noko ekstra ressursar på denne avdelinga, men ikkje så mykje som dei tilsette ønska seg.

Etter nokre veker etterspurde rådmannen status og det var då rapportert at situasjonen hadde betra seg noko og at kommunalsjef og einingsleiar ville følgje saka vidare.

Saka i Klassekampen viser at saka ikkje er løyst. Vi arbeidar difor med følgjande moment:

- Kva er fakta i saka? Korleis kan vi sjekke ut objektivt status på avdelinga i høve arbeidsmiljø, bemanning og faglege utfordringar

- Kva med turnus, sjukefråvær, vikarbruk, kompetanse og organsiering av arbeidet

- Korleis fungerer samhandling tillitsvalde/ verneteneste / leiarar

- Korleis fungerer avvikssystemet i høve medisinhandtering og forbetringsarbeid

- Korleis vert rutiner følgtt opp

- Korleis er situasjonen på dei andre avdelingane

- Korleis fungerer det palliative arbeidet ved avdelinga, og er dette eit einskild eksempel med at ein pasient døde åleine på rommet?

Dette kartleggingsarbeidet starta i dag.

Kommunalsjef har hatt eit første møte med alle avdelingsleiarane for å gå gjennom punkta i brevet. Det var brukt god tid og alle avdelingsleiarane uttalte seg om sin avdeling.

Rådmannen har hatt møte med alle hovudtillitsvalde i dag. Saka vart drøfta og rådmannen orienterte om at ein tar dette på største alvor, og korleis vi handterer saka vidare.

Neste steg:

- Nytt møte med hovudtillitsvalde og verneombod

- Kartlegging av bemanning, og detaljer kring situasjonen knytta til denne avdelinga sett opp mot andre avdelinger. Verifisering av påstander som kjem fram i brevet.

- Vurdere endringer, tiltak, handlingsplaner og prosess vidare i samhandling med dei tilsette

Eg har i dag også vore i dialog med kommuneadvokaten for å sjå om det i brevet ligg varslingselement. Eg har oversendt brevet til kommuneadvokaten for vurdering. Dersom det ligg element av varsling i dette vil rådmannen på eige initiativ sakshandsame dette som varsling etter dei regler og prosedyrer «varslingsinstituttet» krev. Det vil då vere naturleg med noko ekstern bistand, men at rådmannen er eigar av prosessen og tiltaka.

Generelt om varsling så er det slik at dersom det er ønske om bemanningsauke, ressurser, eller på anna måte eit krav om å få auke økonomiske rammer til avdelinga / eininga – så er det ikkje ei varslingssak. Dersom saka likevel har moment av lovbrot, mangelfull oppfølging av gjentatte bekymringsmeldinger m.m. så kan det bli varslingssak. Eg vil i løpet av dei næraste dagene vurdere dette i lag med kommuneadvokaten.

Eg ønskjer med denne orienteringa å formidle at vi tar situasjonen på største alvor, at vi ønskjer ein faktabasert tilnæring og at vi vil kome med målretta tiltak om kartlegginga viser at dette er naudsynt.

Christian Fotland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.