Starta sesongen med heimesiger

Os/Nore Neset J19 fekk ein tøff kamp mot Åsane.

Lenea Hjelle Fløysand og gathe Lekven etter dagens sesongopning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. aug. 2020 21:23

Sesongen er i gang for spelarar frå 19 år og nedover i alder, noko òg fleire seniorlag har nytta seg av mens dei ventar på at det skal opna opp for vaksenfotball under toppdivisjonane.

Os har tatt dei mange unge på Os 2 (senior 4. divisjon) ned til 1. divisjon junior, damelaga til Os/Nore Neset har gjort det same.

Mens G19-1 startar serien borte mot Nymark fredag, kom jenter 19 i gang i dag - på heimebane.

Os/Nore Neset - Åsane 1-0 (1-0)
Målskårar, Os/Nore Neset: Lenea Hjelle Fløysand
Os/Nore Neset sin tropp: Lotte Solholm, Helene Søviknes, Thale Strønen Skeie, Kine Ullensvang Moland, Anika Shirlie Lunde Hatley, Gjertrud Toppe Håvardstun, Tuva Søreide Solberg, Lenea Hjelle Fløysand, Inger Christine Zhen Foldrup, Andrine Brunvatne Kvittingen, Agathe Cöllestine Lekven, Martine Nagelsen-Balland, Tuva Berge og Karoline Krukhaug.

– Vi spelte ein god førsteomgang, men rota mykje i første halvdel etter pause. Dette var ei påkjenning for oss trenarar, men det var godt å koma i gang, seier Stian Kvåle.

Han trener damelaga, som no inkluderer eit juniorlag, saman med Ørjan Sandal.

– Eg synest jentene skyt for lite. Heldigvis fekk Lenea fyrt av ei perle aveit skot, som frå god distanse låg rett i lengste kryss.

I tillegg hadde Agathe Lekven eit skot i tverrligger og Tuva Berge eit stolpeskot.

– Vi mangla fem spelarar i dag, men klarte oss bra med dei fjorten vi hadde med. Anika Hatley, som normalt speler midtbane, fekk sin første kamp som midtstoppar, og det meistra ho veldig bra, synest Kvåle.

Os/Nore Neset sin neste kamp går borte mot Sotra laurdag 5. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.