Startar handballfritidsordning

Os Handball inviterer eldre barneskuleelevar frå heile bygda til trening etter skuleslutt.

Ungar frå 3. til 5. klasse får frå hausten tilbod om HFO i Os Idrettspark. Her frå handballskulen hausten 2018. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. juni 2020 10:14

Skulefritidsordning (SFO) ved skulane i kommunen har dei siste sju åra blitt supplert med ulike aktivitetstilbod, frå fotballfritidsordning på Kuventræ frå 2013, og FFO i tilknyting til fleire skular i åra som kom, til Osbadet si aktivitetsfritidsordning frå hausten 2016.

I november i fjor starta Nore Neset idrettslag ei handballfritidsordning, som no tel rundt 30 deltakarar. Frå skulestart 2020 gjer Os det same.

– Tilbodet blir for elevar frå 3. til 5. klassetrinn og er ope for alle, to dagar i veka. Vi har samarbeid med Osbadet på transport, og hentar ved ulike skular, fortel Ingerid Verpe Jacobsen.

Os Handball har sendt ut invitasjon til fleire skular, utanom dei som soknar til Nore Neset, og håper skulane vidareformidlar tilbodet.

– Det har vore god rekruttering til handball dei siste åra, på gutesida òg. Vi kan nok takka både gutehandballdagen, som vi samarbeider om i bygda, og herrelandslaget sin suksess dei siste åra, for dette. Då er det kjekt å kunna tilby litt ekstra til dei aktive ungane.

Skal drivast av eigne spelarar

Ingerid, som har vore frivillig i Os-handballen sidan 1980-talet, er no pensjonist og har meldt seg til teneste for HFO-en.

– Eg skal halda meg til servering av mat til ungane, med mindre dei treng ei hand ein annan stad.

Saman med ein annan vaksen skal Ingerid halda seg i kulissane, mens unge spelarar frå 17 til 20 år har meldt seg som instruktørar.

– Dei har vist seg som gode instruktørar på handballskulane vi har hatt i haust- og vinterferiar, og vi er veldig glade for at dei vil vera med på dette.

– HFO er noko vi har tenkt på lenge, og vi la ut påmelding rett før koronaen kom. Då blei det stille, men no har vi lagt ut tilbodet på nytt, med frist fredag, så vi er spente på korleis responsen blir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.