Sport | 20. mai 2013

Startar ny idrett i Os

Os Turn planlegg oppstart av ei ny gruppe. – Cheerleading kan bli ei viktig gruppe for klubben, meiner dagleg leiar Hans Parnefält.

Startar ny idrett i Os
Åsane Seahawk si cheerleading-gruppe viste kva det kan gå i då Os Wolverines spelte sin første heimekamp mot Hamar Ruines for to år sidan (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 20. mai 2013 07:37

Mia Elnes er amerikanaren som har kome til Osbygda og som har lyst til å bidra med nye idrettar og aktivitet i bygda.

– Eg har sjølv spelt basketball og fotball og har vore med på cheerleading då eg gjekk på highschool heime i USA.

– Då eg flytta til Os, og såg at desse aktivitetane ikkje fantes i særleg grad hadde eg lyst å gjera noko med det, forklarar Elnes.

Større enn ho trudde

Elnes starta å undersøka korleis miljøet for cheerleading var i Noreg og blei overraska.

– Her er det jo ei rekkje klubbar rundt i landet, eiget forbund, konkurransar, kurs og over 4000 aktive utøvarar.

– Etter å ha lest og sett videoar av dei norske troppane på nettet, så trur eg det er eit godt grunnlag for å få til ei gruppe også på Os.

– Visste du at Noreg stilte med eige lag under årets verdsmeisterskap i Orlando, spør den entusiastiske dama.

Ikkje for dummies

Cheerleadarar blir gjerne framstilt som unge og litt dumme, som berre vil vera kjærste med kapteinen på fotball-laget i amerikanske filmar.

– Det kan nok vera at det var slik, men det er mange år sidan.

– Cheerleading er ein sport på linje med kva som helst anna sport, kor fitness, koordinasjon og styrke står sentralt.

– Du blir godt trent av å driva med cheerleading, lovar Elnes som inviterer born og unge i alderen 6 til 16 år til informasjonsmøte i klubbhuset torsdag 23. mai klokka 19.

– Om det kjem så mange som eg håpar på, og aldersspreiinga blir stor, så håpar vi på å starte opp tre gruppar; "Pee-Wees" for dei frå 6 til 10, "Junior Cheer Team" for dei frå 11 til 14 og "Varsity"-team for dei som er eldre, forklarar trenaren.

Eit viktig supplement

Dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält, trur cheerleading kan bli eit viktig supplement til dei andre aktivitetane i klubben.

– Denne gruppa kan kanskje favna dei som ikkje finn seg til rette på fotball-, friidrett- eller handballbanen, men som har lyst til å vera i aktivitet og som kanskje står i kø til danseklassane på kulturskulen.

– I tillegg vil jo gruppa bli ei viktig ressurs for å kunne skapa liv i hallen og på banen i samband med andre arrangement, seier Parnefält.

Dette er cheerleading

Cheerleading er ein sport der laga konkurrerar mot kvarandre med koreograferte show.

Laga lagar show (rutiner) som best mogleg skal framheva det laga er gode for. Rutinane inneheld blant anna pyramider, kast, cheer/chant (som er rop), hopp, turn og stunts.

Cheerleading er ein lagidrett der alle sin innsats vektast like høgt og synkrone røyrsle og timing er viktig. Korleis elementa utførast er vesentleg. Ein cheerleader skal alltid smila, visa spirit, styrke og energi som skal smitta over på publikum.

(Kjelde: Norwegian Cheerleading & Dance Committee)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.