Næringsliv | 14. aug. 2017

Startar nytt bemanningsselskap

Ti år etter at han starta i lære hos far er Aron F. Arnesen i gang med eige firma.

Startar nytt bemanningsselskap
A-on Personell AS: Aron Frotveit Arnesen har første dag i eige firma i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. aug. 2017 06:56

Aron Frotveit Arnesen starta karriera si innan bemannin i lære i pappa Sverre Arnesen sitt firma. Sverre starta Orcus Hordaland (seinare Logent Orcus), og blei del av ei lita kjede med 7 kontor, og hadde sjølv to av desse, Os og Laguneparken.

– På det meste var vi seks tilsette ved kontoret på Os, og omsette for oppunder 40 millionar kroner, fortel Aron.

Marknaden blei mindre og konkurransen tøffare. Sverre pensjonerte seg for eit år sidan, Aron var ein av dei to siste som måtte gå før Logent til jul 2016 la ned kontoret på Os.

Folk i arbeid frå første dag

I år har Aron jobba litt for eit bemanningsbyrå i Bergen. For å halda inntekta oppe har han jobba deltid i ein butikk, men no er han i gang med eige firma, med første arbeidsdag i dag.

– Ei stund var det over 100 bemanningsbyrå berre i Hordaland. No er det færre, men det er framleis tøff konkurranse. Når det blir mindre oppdrag prøver dei store kjedane å få større fotfeste ute i kommunane rundt byane.

– Men eg startar åleine, å vera ei lita verksemd kan vera ein fordel. Dessutan har eg mange kontaktar etter desse åra, og allereie frå i dag har eg 15 personar ute i arbeid.

Namnet: A-on Personell

Byrået til Aron har fått namnet A-On Bemanning AS.

– Mange gode namn er tatt, så eg tok utgangspunkt i mitt eige. A kan stå for arbeid, «on» kan bety å vera på, seier gründeren.

Det er ein tidlegare kunde i Os som no frå start har engasert A-On for å leiga 15 produksjonsmedarbeidarar. Det nystarta bemanningsbyrået jobbar òg med noko som kan bli ein større ordre for båtprodusent frå ein annan kommune i Hordaland.

– Du kan ofte stola på magekjensla

A-On Bemanning skal både hjelpa arbeidssøkjarar med å få jobb og skaffa arbeidskraft til firma, anten dei vil leiga personell eller ha hjelp med midlertidig tilsette. I fleire tilfelle bli innleigd personell seinare fast tilsett.

– Kva er det viktigaste du har lærd desse 10 åra med intervju, tilsetjing og utleige?

– Du kan ofte stola på magekjensla. Éin ting er korleis CV-en ser ut og kva vedkomande får fram i intervju, korleis dei fungerer i arbeid kan vera ein annan ting.

Men Arnesen let ikkje berre magen bestemma.

– Eg sjekkar alltid minst to referansar. Ofte vil også kunden ha sitt eige intervju, eller at vi tar intervju saman.

– Kunnskap om arbeidstakar og bransjen deira har òg noko å seia, at du veit litt om kva type folk dei er på jakt etter og korleis arbeidsoppgåvene er, seier Aron Frotveit Arnesen, første arbeidsdag i eige firma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.