Sleivkast | 31. jan. 2024

Startar podkast på Kuventræ

Fotballen i Bjørnafjorden og Bergen: Denne sesongen kan du sjå Lars og Davy på Midtsiden.

Startar podkast på Kuventræ
Med base på Kuventræ og blikk for store delar av bergensfotballen, gler Bakkerud og Wathne seg til å skru på mikrofonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 31. jan. 2024 08:17

Initiativet kjem frå Os Fotball, men ny fotballpodkast skal skal ikkje handla om berre Os.

– Vi håper å skapa noko som har interesse for store delar av bergensområdet, noko som har verdi både fagleg og, til ein viss grad, som underhaldning, seier Lars Bakkerud.

Korleis følger Brann med på spelarane i naboklubbane, korleis går det med Åsane, Sotra, Lysekloster og dei andre laga bak Brann - og kven skil seg ut i den uvanleg bergensifiserte Norsk Tipping-liga-avdelinga Os skal spela i denne sesongen?

– Os, Fana, Bjarg og Sandviken i avdeling med blant andre Askøy, Frøya, Loddefjord og Åsane 2. Lokale klubbar med lang historie skal kjempa om å klatra i det stadig tøffare toppfotballsystemet. Korleis tenker trenarane, korleis er spelarmaterialet? Eg gler meg til å følga med på denne avdelinga, og til å diskutera utviklinga gjennom sesongen, seier Davy Wathne.

– Vi gjer dette av kjærleik til lokalfotballen, til gode prestasjonar innan strategi, idrett og klubbygging. Eg trur fotballinteresserte er litt lei av pengesnakk og kostbare overgangar, og vil høyra meir om grasrota, der grunnlaget blir danna, legg han til.

Køyreplanen

Planen er å starta veka med ein podkast der Lars og Davy, med ulike gjestar, går gjennom rundane som blei spelte i helga, frå 3. divisjon og opp.

Eit avsnitt om spelarar frå Bjørnafjorden som er ute i klubbar på høgare nivå, og nokre superlokale minutt om status hos laga nedover i divisjonane, kan bli faste innslag.

– Målet er å laga ein podkast som er interessant for spelarar og sportsleg leiing i alle klubbane i og rundt Bergen. Vi kan rekna med at nye idear kjem inn og gamle planar blir justerte, når vi er i gang og ser kva som fungerer.

Podkasten blir spelt inn i paviljongen på Kuventræ og vist på Midtsiden.

Foreløpig namn på den komande podkasten er «KuvenCast».

Første sending blir før seriestart, med gjennomgang av nysigneringar, odds og resultat av treningskampar. Så skal nye sendingar koma i starten av kvar veke gjennom sesongen.

– Ein dyktig og morosam duo

Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy gler seg over initiativet, og at Midtsiden blir plattform for den nye podkasten.

– Det er fleire som gjer mykje bra når det kjem til lokalfotballen, frå Hordalandsfotball sitt høge aktivitetsnivå i heile regionen til Digitalsport sine direktesendingar.

– Ein etterpå-prat om både strategi, resultat og personlege prestasjonar, saman med historisk perspektiv og enkelte skråblikk, håper eg vil koma som eit kjærkome tillegg for mange osingar og bergensarar.

Vertsskapen ser fram til å husa den nye podkasten.

– Når vi har sånt kunnskapsrikt personell tassande rundt på kunstgraset her oppe, er det jo eit eventyr å få det strukturert inn i ein podkast! seier Os-trenar og dagleg leiar for Os Fotball, Endre Brenne.

– Eg høyrer mykje fotballpodkast, noko er bra, mykje er om øvste serie, og andre er mindre bra. Eg trur det desse to har på gang er noko mange vil ha både glede, interesse og til og med nytte av.

– Samtidig må eg seia at det er med skrekkblanda fryd eg låner vekk paviljongen til Lars og Davy, her blir det nok rask ordveksling frå to som ikkje kvir seg for å seia kva dei meiner. Eg både gler og kvir meg til dei episodane der eg får vera gjest, seier Endre og ler.

Bruarøy gler seg spesielt til å høyra og sjå Bakkerud og Wathne saman.

– Bakkerud var jo mannen som i 2014 danna den raude tråden i Os-fotballen, den utviklande spelestilen som følgjer treningsarbeidet frå ung til vaksen, metodane Endre Brenne har vidareført.

– Wathne er eit funn i seg sjølv, ikkje berre som årets bergensar (2006), årets sportsjournalist (2014) og sportsanker i TV 2 frå starten i 1992 og 25 år etter det - han har ein unik bakgrunn frå Kuventræ.

Tilbake på kjent gras

Davy var nemleg deltidstilsett i BT på 1970-talet mens han studerte. Men takka vera Os sitt opprykk til øvste nivå i 1974, ville BT utvida redaksjonen, og Wathne fekk jobben.

– Hadde det ikkje vore for Os sitt opprykk, så hadde eg blitt lærar på Voss, ikkje sportsjournalist.

No er Davyen pensjonist, men han er like engasjert og kjapp i replikken. Det har vi fått høyra når han har vore konferansier på Os Fotball sine gallakveldar i Oseana dei siste åra.

Han bur på Tertnes, men er ofte på Os, blant anna for å møta gamle og nye venar i fotballmiljøet.

Davy Wathne takkar Os for ei innhaldsrik karriere som sportsjournalist (foto: Andris Hamre)
Les òg– Somrane på Os forma meg

Bakkerud gav seg i Os og reiste austover hausten 2015.

– Det var av omsyn til familien. No har eg færre på Austlandet som treng meg, eg sakna Vestlandet og Bergen, og eg har møtt ei dame frå Os som eg liker veldig godt, fortel Lars om returen.

Han tok fotballutdanninga si i Sverige, og hadde UEFA pro-lisens før han kom tilbake til heimlandet og vest til Os første gong.

I Sverige var han blant anna leiar for akadamiet til Helsingborg i ei tid Helsingborg vann cupen (2010) og serien (2011) - med ein tropp der 9 av 11 var eigenproduserte spelarar.

Bakkerud driv framleis med det han liker best, spelarutvikling, og har individuell oppfølging av fleire norske toppspelarar. Nokre av dei er i agenten Tore Pedersen sin stall, som Slavia Praha-spelar Conrad Wallem.

– Eg ser alle kampane og følgjer opp med samtalar kvar veke. Sjølv om det blir noko reiseverksemd, skjer det meste over nett, og er eit arbeid eg kan gjera frå kor som helst.

Lars trivst med å vera tilbake på Kuventræ, og klør etter å analysera lokalfotballen saman med Davy.

– Utgangspunktet er bra, så får vi sjå kor bra det blir når kamera er skrudd på. Det veit vi ikkje før vi prøver, heldigvis har eg med meg eit anker som har hatt sine tiår på skjermen. Målet er liveopptak, one take, og så rett på lufta. Det som eventuelt må klippast vekk, får vi heller kosa oss med på julebordet eller selge for ein dyr penge seinare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.