Staseleg avrunding på god sesong
To utøvarar frå Os fekk tildelt NM-bronse på stor galla på Gardermoen. For unge William Hetleflåt blei det ei ekstra stor oppleving.
Bildeserie:
Rallycross-køyrar Karoline Breivik (19) frå Os låg an til samanlagt-sølv, som i NM i 2014, men rulla rundt i siste løp og måtte sjå seg nøgd med NM-bronse i 2015-sesongen.
Dragrace-junior William Moberg Hetleflåt (12), Os' raskaste 12-åring, gjekk opp i ny klasse med ny bil, men imponerte og landa på 3. plass samanlagt i NM for juniorar.
– Sesongen blei langt betre enn vi kunne ha drøymd om. NM-bronsen heng på veggen heime, seier mekaniker og pappa Truls Hetleflåt.
Saman var han og William til Gardermoen for å delta på Norges Motorsportforbund sin galla med premieutdeling på Clarion Hotel & Congress Oslo Airport.
– Til stor inspirasjon
Gallaen hadde 650 deltakarar med nasjonale og internasjonale gjestar.
– Det er kjekt at det blir laga eit så flott opplegg rundt sporten og premieutdelinga for NM samanlagt.
– Her fekk William møta kameratane sine frå ulike plassar i Noreg, i tillegg fekk dei møta fleire kjente stjerner, som Petter Solberg og Fredric Aasbø.
Konferansier var den historiske vinnaren av formel 1 i Dubai i haust, offshore-stjerna Marit Strømøy.
– Gallaen var, saman med resultatet, ei flott oppleving og til stor inspirasjon for sesongen som kjem, seier Truls på vegne av sonen William.
Les òg, Midtsiden samleside: Motorsport
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.