Næringsliv | 16. sep. 2018

Staseleg finale for Tore Kleppe

– Eg har sans for ideen og målet med konkurransen, seier ein av dei hyggelegaste handverkarane i Noreg.

Staseleg finale for Tore Kleppe
Tore Kleppe (t.h.) saman med Noregs hyggelegaste handverkar, Terje Gangstø frå Arna. (Privat bilde, foto: John Ole Johannessen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. sep. 2018 06:46

Bildeserie:

Tore fekk medalje for å ha kome til finalen. (Foto: John Ole Johannessen)
Tore fekk medalje for å ha kome til finalen. (Foto: John Ole Johannessen)
KonaAnnette og resten av heiagjengen. (Foto: John Ole Johannessen)
KonaAnnette og resten av heiagjengen. (Foto: John Ole Johannessen)
Så var det middag og ein liten fest i Oslo. (Privat foto)
Så var det middag og ein liten fest i Oslo. (Privat foto)
1 av 3
Tore fekk medalje for å ha kome til finalen. (Foto: John Ole Johannessen)
KonaAnnette og resten av heiagjengen. (Foto: John Ole Johannessen)
Så var det middag og ein liten fest i Oslo. (Privat foto)

Laurdag var det finale i «Norges hyggeligste håndverker» på Boligmessen i Telenor Arena i Oslo.

Av 1.162 nominerte var Tore Kleppe frå Os ein av dei 22 finalistane.

Tore Kleppe jobbar som malar i teknisk eining i Os kommune, og var einaste offentlege tilsette blant finalistane.

– Akkurat det er eg litt stolt over. Elles har det vore nesten for mykje av det gode dei siste vekene, så eg skal prøva å ligga lågt eit par månadar no, synest Kleppe.

Finalistane blei tatt opp på hovudscenen framfor mange gjestar og utstillarar på messa i Telenor Arena.

Kleppe nådde ikkje heilt til topps.

– Hyggeleg bransje

Han reiste til Oslo med ein heiagjeng på fem, inkludert kona Annette. I første finalerunde laurdag ettermiddag blei beste i kvart fag plukka ut.

– Den hyggelegaste malaren var Johnny Jensen frå Sandefjord, så allereie der var eg ute av dansen, fortel Tore.

Så blei det kåra ein vinnar uansett fagområde. Noregs hyggelegaste handverkar er Terje Gangstø frå Arna.

– Eg nådde ikkje heilt opp i år, men synest uansett det har vore kjekt å vera med. Det viktigaste er at konkurransen oppnår målet, å retta fokuset på alt det positive som finst i byggebransjen, ikkje berre på prosjekt som har gått gale.

– Håpet er at fokuset på hyggelege handverkarar skal føra til betre rekruttering til bransjen. Det er kjekt tema å bidra til, for det er ein fin bransje å jobba i, synest Kleppe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.