Lokal | 23. juli 2014

Staseleg skute innom Os

På veg til Tall Ship Races i Bergen kom svenske «Vega Gamleby» onsdag innom Os.

Svenske Vega Gamleby ligg i Os onsdag kveld. I morgon skal skuta til Bergen for å delta i Tall Ship Races. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. juli 2014 21:44

Den er ikkje like stor som 98 meter lange «Statsraad Lehmkuhl», som besøkte Os i midten av juni, men ei flott skute og nokre år eldre, 39,25 meter lange «Vega Gamleby».

Onsdag kveld kom den svenske skonnerten frå 1909 inn til Os hamn, i morgon skal dei siste skutene vera på plass i Bergen til Tall Ship Races.

Tall Ship Races starta onsdag og held fram til søndag.

I programmet for torsdag skal dei siste skipa koma inn til Bergen koma mellom klokka 10 og 15. Fleire av desse blir nok å sjå i Bjørnafjorden og Korsfjorden på morgonen og formiddagen.

Mellom klokka 14 og 15 skal Statsraad Lehmkuhl, Christian Radich og Sørlandet koma saman inn til Bergen.

Her kan du sjå alle skutene som deltar i år og lesa meir om arrangementet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.