Samferdsle | 09. nov. 2022

Statens vegvesen monterer 13 nye friteksttavler i Vestland

To av dei kjem på Halhjem.

Døme på heilgrafisk tavle. Illustrasjonsfoto: Statens vegvesen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. nov. 2022 07:08

– Målet med friteksttavlene er å gje betre informasjon til trafikantane langs vegen, om både akutte hendingar og planlagde aktivitetar. Det vi skal setja opp her, er såkalla heilgrafiske tavler, der vi kan visa symbol i tillegg til tekst, sier byggeleiar Svein Ivar Henjum Moe i Statens vegvesen.

Tavlene vert plasserte på fleire stadar fordelt over heile fylket:

  • Rise bru, riksveg 15 i Stryn
  • Bakke bru, E39 i Stad
  • Riksveg 15, Haugane i Stad
  • To tavler på riksveg15 Måløybrua i Kinn
  • To tavler på E39 Halhjem ferjekai i Bjørnafjorden (utskifting av eksisterande tavler)
  • To tavler på E39 Sandvikvåg ferjekai i Fitjar, på andre sida av ferjesambandet Halhjem – Sandvikvåg (utskifting av eksisterande tavler)
  • Ei tavle på ved E39 Hopstunnelen retning mot Bergen sentrum (utskifting av eksisterande tavle)
  • Ei tavle på riksveg 13 – mot Lausasteintunnelen sørover frå Odda
  • Ei tavle på riksveg 13 – frå Røldal mot Stavanger
  • Ei tavle på E134 Kløvet, i krysset mot riksveg 13

Fire ville ha jobben

Det var fire tilbydarar til oppdraget (alle prisar ekskl. mva.):

Tilbydar: Tilbodssum ekskl. mva:
Trafsys AS frå Bergen 14.506.078,00
Otera Traftec AS frå Froland 14.828.110,33
Swarco Norge AS frå Oslo 15.795.158,43
One CoInfra AS frå Arendal 18.065.181,00

Etter kontrollrekning har Statens vegvesen signert kontrakt med Bergens-firmaet Trafsys AS på oppdraget.

Heilgrafiske tavler

Entreprenøren skal starta på jobben så snart som mogleg, og vera ferdig innan desember 2023.

Monteringa er dagjobb, og vil få små konsekvensar for trafikken. Unnataket er Hopstunnelen, der det blir nattejobbing på grunn av høg trafikkmengd på dagtid.

– Friteksttavlene er ein del av arbeidet med å syta for eit trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett, der vi tek i bruk ny teknologi for å syta for at trafikantene kjem seg trygt fram dit dei skal, så effektivt som mogleg, seier Henjum Moe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.