Lokal | 20. des. 2013

– Statleg plan er bra

E-39: Gleda over trasévalet er stort blant stortings- og fylkespolitikarane frå høgre og Frp. – At det blir ein statleg plan er det største, seier Øyvind Halleraker (Frp).

– Statleg plan er bra
Øyvind Halleraker, Tom Christer Nilsen, Liv Kari Eskeland, Gjermund Hagesæter og Terje Søviknes møtte pressa på Halhjem (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 20. des. 2013 11:33

Fredag morgon stadfesta samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at regjeringa har bestemt seg for midtre trasé for ferjefri E-39.

– Dette er ein gledens dag for heile vestlandet.

– Ferjefri E-39 vil gje ein heilt ny kvardag kor industri og næringsliv kan nyttast samen på same måte som den er i Osloregionen, fortalde stortingsrepresentant Øyvind Halleraker då han saman med stortingskollega Gjermund Hagesæter (Frp), fylkesordførar Tom Christian Nilsen (H), Stordordførar Liv Kari Eskeland (H) og Osordførar Terje Søviknes (Frp) møtte pressa på Halhjem ferjekai.

– Raskare med statleg plan

Samferdselsministeren har beden vegvesenet om å gjennomføra utbygginga som ein statleg reguleringsplan, kor mellomanna kommunane blir høyringsinstans, men ikkje har beslutningsmynde.

– Det er det største med heile vedtaket og ei nyvinning innan vegutbygging.

– Førre store prosjekt som blei gjennomført på den måten var då Gardermoen blei bygd ut.

– Ein statleg plan vil gje ei raskare planlegging. Normalt tek det 10 år, eg trur vi kan klara å koma ned mot 5, fortalde Halleraker, som òg peika på at det ville gi press på staten for å samordna seg og til kommunane om å bli einige.

– Må tenkje nytt

Ordførar Terje Søviknes er samd i at ein statleg plan er bra, men ser samstundes utfordringar.

– For vår del må vi settje oss ned og snu litt på måten vi jobbar på.

– Normalt er det jo vi som styrar prosessane og avventar med avgjerslane til siste runde. No på vi jobba på ein anna måte og koma i tidleg dialog med vegvesenet for å påvirka deira beslutningar.

– Dagen i dag er eit vegskille. No er ein debatt avslutta og vi går inn i nye detaljar, kommenterte Søviknes.

Vil ta tverrpolitisk initiativ

Medan politikarane sto i venteskuret på Halhjem og prata med pressa, tok medlemmar i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden oppstilling på utsida for å markere sitt syn.

– Den aksjonen er bortkasta energi, kommenterte Gjermund Hagesæter.

Heilt einig i det, var ikkje Søviknes.

– Eg vil ta eit tverrpolitisk initiativ for å samla troppane lokalt.

– Der vil eg også invitera med folkeaksjonen om dei vil, slik at dei også kan få vera med å si noko om detaljane i den videre prosessen.

– Vel dei å ikkje vera med blir dei ståande utanfor.

Ikkje uroa for storm

Fylkesordførar Tom Christer Nilsen påpeika at det midtre alternativet var det einaste som ville knytte heile fylket saman.

– No får vi ei løysing som mogleggjer påkobling frå Austevoll, innover mot Fusa også vidare.

– Kva med storm og uvêr då. Kan ein ikkje risikera at brua blir stengd?

– Det er det minste problemet.

– Dette blir eit så robust anlegg at det vil ein kunne løysa. Sjå berre på forskjellen mellom Sotrabrua og Askøybrua.

– Askøybrua har nesten aldri vore stengt, takka vere god planlegging og korleis den ligg i høve normale vindretningar, påpeika fylkesordføraren.

– Storm og liknande vil sjølvsagt bli hensyntatt i planlegginga. Dette vil bli ein like robust løysing som ferjene, supplerte Gjermund Hagesæter.

Ferdig om 10-15 år

– De seier dette er starten på eit langt løp. Kor lang tid ser de for dykk det skal ta før ein kan køyre til Stord?

– 2023 er nemn, kom det kjapt frå Stordordførar Liv Kari Eskeland.

– Tja, eg veit ikkje om det går så fort. Eg har sagt 10-15 år, kommenterte Søviknes.

– Statsministeren har jo sagt at det er eit mål å starta i 2018.

– Mykje vil vise seg ved neste rullering av Nasjonal Transportplan. Den vil vera heilt avgjerande for prosjektet.

– Vi vil velgje heilt andre måtar å byggja på enn det som har vore vanleg tidlegare. Vi vil få inn ansvarlege private til å gjera jobben. Dei er oppteken av å hente ut synergiar i prosjekta og det vil gjera at sjølve bygginga vil gå raskare enn om det offentlege skal ta det sjølv, avslutta Øyvind Halleraker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.