Lokal | 15. juni 2015

Sta(t)seleg bryggedans i vente

Det blir livemusikk, fyrverkeri og Statsraaden som tilleggsarena når over 500 skal på bryggedans til helga. Her kan du vinna billettar!

Til helga kjem Statsraad Lehmkuhl tilbake - denne gong for å vera arena for bryggedans. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. juni 2015 09:30

Bildeserie:

Også i år blir det fyrverkeri i Os hamn ved midnatt. (Foto: Kine Evensen)
Det var full brygge og MS Midthordland til kai under bryggedansen i fjor. (Foto: Kine Evensen)
Også i år blir det fyrverkeri i Os hamn ved midnatt. (Foto: Kine Evensen)
Det var full brygge og MS Midthordland til kai under bryggedansen i fjor. (Foto: Kine Evensen)
1 av 2
Det var full brygge og MS Midthordland til kai under bryggedansen i fjor. (Foto: Kine Evensen)
Også i år blir det fyrverkeri i Os hamn ved midnatt. (Foto: Kine Evensen)

Laurdag er det tid for årets bryggedans i regi av Os kommune.

Les òg: – Ein fin måte å samla Os på

I fjor brukte kommunen MS Midthordland for å auka kapasiteten, då 600 billettar blei selt og det måtte aukast til over 800.

Vil du på bryggedans? Send oss årstalet Statsraad Lehmkuhl blei bygd og bli med i trekninga av 2 billettar (verdi 2 x 300 kr), til kjetil@midtsiden.no innan onsdag klokka 12.

OPPDATERT: Torsdag har vi hatt trekning og det er Hilde Revheim som vann dei to billettane.

– Og eg som har vore med på så mange konkurransar og aldri vunne! svarer Hilde, overraska og veldig glad.

– Eg fekk nett spørsmål frå ein kollega om vi skulle på bryggedansen. Eg har veldig lyst, men vi får gjestar frå Stavanger. Vi får sjå om vi får billettar til alle, så får det heller våga seg at det blir kreps heime til forrett og reker til dessert. Viss ikkje får vi finna nokre andre som kan bruka billettane.

Med Statsraaden langs brygga

I år kan du velja mellom å sitja på brygga eller om bord i Statsraad Lehmkuhl med rekefatet og halvliteren.

– Grunna skjenkeløyve kan du ikkje vandra fritt mellom brygga og båten viss du har alkohol i neven, elles er dei to sidestilte, seier ordførar Terje Søviknes.

– Vi gler oss over at det er meldt sol frå fredag ettermiddag og heile laurdag, men trur nok òg at det blir godt å ha Statsraaden som varmestove for dei som ikkje dansar seg varm.

Johnsen og Skaatun speler opp

Til no er det selt rett over 500 billettar til bryggedansen.

– Vi har framleis plass til fleire, og kjem nok til å selja litt i døra, men for at vi skal kunna ha nok mat klar er det fint med førehandssal, seier ordføraren, som er vertskap laurdag.

På scenen skal HM Johnsen Band frå Os og Haavard Skaatun frå Fusa sørgja for at folk får noko å swinga seg etter. I fjor var det Orbo som fekk fart på dansefoten.

Fyrverkeri frå flåte

I fjor stilte brørne Ole Marius og Fredrik Røttingen i Pro Pro opp og lagde ei eksplosiv avslutning på bryggedansen.

– Vi rundar av rundt midnatt med nokre skikkelege smell og er glade for å bruka lokale krefter til dette, seier Søviknes.

Her kan du sjå video av fyrverkeriet i fjor.

Bryggedansen er open for born under 18 år, om dei er ifølgje med vaksen.

Søndag reiser Statsraad Lehmkuhl på midtsommarcruise frå Os til Shetland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.