Lokal | 19. juni 2017

Åsen-Helleskaret: Opsjonen med Veidekke er kansellert

Kommunen må truleg venta til 2020 med å få innpass i området, men håper likevel å ha vegen ferdig til 2022.

Åsen-Helleskaret: Opsjonen med Veidekke er kansellert
Åsen - Helleskaret skal byggast frå denne brua og fram til Helleskaret, nær kryss til Drange. (Lesarbilde, foto: Svein Atle Garvik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. juni 2017 12:41

Dei siste dagane har Midtsiden fått spørsmål frå fleire lesarar om ny fylkesveg frå Åsen til Helleskaret var skrinlagt, søndag skreiv vi at vegvesenet har sendt ut informasjon om manglande finansiering.

I dag fortel rådmann Christian Fredrik Fotland om status.

– Då Hordaland fylkeskommune i juni i fjor godkjente oppstart og vår finansieringsplan, der fylket tar 1/3 av rekninga, var det ut frå ein estimert pris på 61 millionar kroner inkludert meirverdiavgift. Statens vegvesen hadde gjort eit omfattande arbeid før dei estimerte prisen.

– Men i opsjonen med Veidekke, som er i området i samband med bygginga av E39 Svegatjørn-Rådal, hadde vi ingen pris frå. Då tilbodet kom var prisen vesentleg høgare enn 61 millionar, seier Fotland.

Dei siste vekene har Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen vore i dialog om vidare framdrift for fylkesveg 163 Åsen - Helleskaret.

Alle tre partar er samde om at vegprosjektet skal realiserast.

Vil få prisen ned

Fylkesvegen, som i utgangspunktet låg inne i Svegatjørn-Rådal-prosjektet, blei tatt ut av bompengesøknaden for å få ned prisen på milliardprosjektet. Det har heile tida vore ambisjon å få få vegen bygd parallelt med ny E39.

– Vi vil sjå korleis vi kan få prosjektet ned i pris. Faktorar som å ta fartsgrensa ned frå 80 til 60 km/t, og å endra frå rundkøyring til T-kryss i Åsen, er blant det vi kan vurdera.

Må venta på innpass i området

Uavhengig av prisar må Os kommune venta med å sleppa til i området.

– Så lenge Veidekke har prosjektet sitt gåande kan vi ikkje gå inn i området. Men i 2020, to år før E39 skal stå ferdig, skal Veidekke avslutta i denne delen av terrenget.

– Om vi er raske med anbodsrunden og får ein effektiv prosess kan Åsen-Hellskaret stå klar omtrent samtidig med E39 Svegatjørn-Rådal, seier Fotland.

• Sjå òg: Midtsiden samleside - E39 Svegatjørn-Rådal

Sendte epost til grunneigarane

I dag har rådmannen sendt ut brev til grunneigarane i området for å informera om situasjonen.

– Modellen med spleiselag var vi einige med alle om. At denne modellen blir gjeldande også når vi skal ut og få nye prisar, er nok avgjerande for at vegen blir bygd.

I eposten står det blant anna:

Reguleringsplanen vart utarbeidd i 2006 og bakgrunnen var å plassere overskot av steinmasser frå utbygginga av E39 Svegatjørn – Rådal. Det har i byggjeprosjektet av E-39 kome fram at det ikkje er overskotsmasser frå dette prosjektet. Det betyr at den opsjonen Statens vegvesen har med Veidekke om bygging av fylkesveg 163 vert vesentleg mykje dyrare enn først antatt. Vi er difor i prosess med Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen om kostnadsreduserande tiltak, ny finansieringsplan og evt. andre forhold som til dømes fellesprosjekt for veg, vatn og avlaup. Hordaland fylkeskommune og Os kommune skal ha sak om finansiering og vidare framdrift til behandling i oktober.

... og held fram:

Mykje tyder på at det må gjerast ein reguleringsendring og i tillegg vert det starta eit arbeid med omprosjektering der vatn og avlaup vert ein del av prosjektet. Det er vanskeleg på noverande tidspunkt å vere konkret når det gjeld oppstart av arbeidet, men truleg vil ein ikkje ha innpass frå Lyseparken før hausten 2020. Det kan vere høve til å starte noko tidlegare frå Helleskaret, men dette er vurderingar vi må gjere i prosjekteringsfasen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.