Næringsliv | 27. sep. 2013

Status: Husa rundt Os hamn

Os Sjøfront opplever medvind, Leigland har kvilepuls og Bygg Concept endrar sitt prosjekt ved Eldresenteret frå Hamnehagen til Prosjekt Oselvo – for rask byggestart.

Status: Husa rundt Os hamn
Eigedomsprosjekt rundt Os hamn. F.v.: Os Sjøfront 2, Solsio og tomta til nye "Prosjekt Oselvo". 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. sep. 2013 12:14

Fleire linjelekre prosjekt rundt Os hamn har sett sitt preg på eigedomsmarknaden dei siste åra.

Ferskaste lansering er Os Sjøfront 2, som blei lagt ut for sal tidleg denne månaden med frist for å melda forkjøpsrett laurdag 14. september.

– Bortsett frå dei som bur i Os Sjøfront frå før har vi få medlemmar i Os, så det blei som venta ikkje mange som meldte seg på forkjøpsrett, seier meklar Kristin Stave i StorBergen Boligbyggelag.

Selte tre hus første dag

Fem meldte si interesse, ifølgje Stave gjorde to av dei det berre for å "testa medlemsskapen sin". Dei tre andre kjøpte.

– Vi selte tre hus første dag, alle til osingar, par og single, og opplever stor interesse og flotte tilbakemeldingar på både teikningar og prisane vi har lagt oss på.

Det er til saman 37 husvære i prosjektet. Dei tre som er selt ligg midt på treet i både storleik, etasje og pris.

– Alle dei tre blokkene blir bygd i same trinn. Når vi har selt 13 går vi i gang og vi har mål om byggestart innan 31. mars 2014, seier Stave.

Berre 8 igjen på Solsio

Leigland Bygg sitt prosjekt "Solsio" med 20 hus i éi blokk ved Vindu mot Fjorden på Steinneset fekk ein god start og bygginga er i gang.

– Vi har selt 12 av 20 og er for tida meir konsentrert om bygging enn om sal, seier Mikal Leigland.

– No når vi får reist huset blir det lettare for interessentane å sjå korleis prosjektet blir og kva storleik og utsikt kva eining har å by på.

Duka for fleire trinn ved Eldresenteret

Bygg Concept AS hadde selt 17 av 43 hus i Hamnehagen før salet stoppa litt opp og utbyggar bestemte seg for å laga nye planar for tomta.

– Husa var såpass fletta saman at vi ikkje ville dela det opp i trinn. Det er litt trist at vi ikkje fekk inn nok til å koma i gang, vi var så nær og det var eit veldig fint prosjekt, synest dagleg leiar Øyvind Tøsdal.

– Men no har eg fått dei nye teikningane, og når vi har gjort nokre få små rettingar på dei er vi klar til å søkja om godkjenning.

Det nye namnet er "Prosjekt Oselvo" og dei viktigaste forskjellane er fleire mindre hus, auke frå 43 til 45 einingar (i tråd med reguleringsplanen, som seier maks 45) og, ikkje minst; lagt til rette for inndeling i tre byggetrinn.

– Første trinn blir blokka nærmast Oselvo og den kjem truleg til å innehalda 14 leilegheiter. Då skal det ikkje så mykje til å koma i gang.

Tøsdal seier dei tidlegast kjem til å starta salet oppunder jul.

Søkjer om masseutskifting

I høve utbygginga nær hamna aust om elva skal Bygg Concept, Leigland Bygg og Os kommune samarbeida om utviding av Hatvikvegen, som skal få eit ekstra avkjøringsfelt for dei som kjem frå Hatvik og skal svinga til venstre inn Steinnesetvegen.

– Vi kan fint byrja å bygga på tomta vår sånn den er no, men då må vi truleg spunta seinare, når vegen skal utvidast inn mot husa våre.

– Derfor søkjer vi i desse daga om masseutskifting, vi vil førebu oss på den komande vegutvidinga og unngå for høge kostnadar knytt til denne, seier Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.