Sport | 15. juli 2019

Status og stall hos Lysekloster

Har roen på stallen, men vil erstatta fire spelarar.

Status og stall hos Lysekloster
Ruben Hetlevik har skadefri stall, med unntak av Skagestad, og har mista berre tre spelarar i sommar. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. juli 2019 13:28

Lysekloster starta sesongen med siger i berre éin av dei første fem kampane, men så vann dei 5 av dei 6 neste og klatra til 4. plass før ferien.

– Vendepunktet blei nok 2-1-sigeren over Stord 16. mai, då sto vi saman som eit lag, seier trenar Ruben Hetlevik.

No er dei 8 poeng bak Djerv 1919 på toppen av tabellen.

– Det som har imponert meg mest i vårsesongen er korleis spelarane har jobba hardt og målretta, og gradvis bygd opp dei gode spelemessige relasjonane i laget.

Mister færre spelarar enn i fjor

Lysekloster må klara seg utan desse spelarane i haustsesongen; Erlend Skagestad, Kittiphong Pluemjai, Mbaye Touré og Mads Gerhard Rakner.

Skagestad er skadd i kneet og må operera, Kittipong reiser til Malaysia for å spela fotball.

– Vi ønskjer å erstatta desse fire, men har eit avslappa forhold til det. Tidlegare har vi måtta erstatta 5-6 spelarar, alle med mykje speletid på vårsesongen, i år blir det mindre utskifting og færre av dei som har blitt brukt mykje på våren.

– Det er spesielt back vi ser etter. No er det berre Harris hos oss som er back. Vi har fleire som kan spela i posisjonen, men som vi helst vil bruka andre stadar.

Lysekloster har nokre spelarar i kikkerten, men ønskjer utelukkande inviterte gjestar på prøvespel.

– Vi har god tid. Vindauget opnar uansett ikkje før 1. august, og vi har 16 utespelarar i dagens stall.

Reknar med at starten blir tøff

11 kampar er spelt, 15 står igjen. Lysekloster startar hausten borte mot Sogndal 2 laurdag. Så ventar Valdres heime og Stord borte.

– Vi skal ikkje ta lett på ein einaste motstandar denne hausten. Det viste seg borte mot Vestfossen, der vi avgjorde heilt på tampen, at kvar kamp kan bli tøff, spesielt om vi ikkje skårer tidleg.

Derby mot Os, i Lysekloster Framo Idrettspark, er ikkje før serieavslutting laurdag 26. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.