Lokal | 28. okt. 2019

Statusrapport: skule og barnehage

Kommunestyret: Innstillinga sa at kommunestyret skulle drøfta tilstandsrapporten for barnehage og skule - berre tre representantar tok ordet.

Statusrapport: skule og barnehage
Kommunalsjef Line Rye la fram tilstandsrapport for barnehagane og skulane i Os på kommunestyremøtet i førre veke. (Foto: KVB) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 28. okt. 2019 12:59

Opplæringslova pålegg skuleeigar, altså kommunen, å utarbeida ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa.

Den årlege rapporten skal drøftast av skuleeigar. Det føreligg ikkje lovkrav om at det skal utarbeidast tilstandsrapport for barnehagane, men Os kommune har sidan 2017 lagt fram ein samla rapport for både skule og barnehage.

Årets rapport byrjar med å sjå på tilstanden til barnehagane.

• Les heile tilstandsrapporten på oskommune.no

I Os kommune er det totalt 17 barnehagar fordelt på 13 eigarar.

Alle barn med rett til plass fekk tilbod om barnehage plass i samordna opptak 2018.

Forskjellar mellom elevar og skular

Til å greia ut rapporten på tysdagens kommunestyremøte hadde kommunalsjef Line Rye med seg rådgjevarane Knut Vidar Garlid og Therese Johnsen ved oppvekst og kultur.

Når det gjeld skulane trekte Garlid og Johnsen fram følgjande hovudtrekk:

• Resultat på 5. trinn viser framgang i engelsk, lesing og rekning.

• Gutane gjer det betre enn jentene. Dette er ei nasjonal trend.

• Det er forskjell mellom skulane på barnetrinnet. Nokre skular har ein jamn framgang. Éin skule skårar i år eksepsjonelt bra.

• På 8. trinn er det ein nedgang på nasjonale prøvar.

• På 9. trinn er det gode resultat og framgang.

• Det er ulike resultat mellom dei to ungdomsskulane på dei nasjonale prøvane. Elevkullet på tiandetrinn i 2018-19 har i snitt 40,3 grunnskolepoeng. Dette er ein betydeleg nedgang samanlikna med dei to siste åra. Dette var ein venta nedgang i høve til andre tidlegare resultat for dette kullet. Os ungdomsskule har vore mest bekymra, og det er her undersøkinga viser det svakaste resultatet.

Når det gjeld mobbing kunne Garlid og Johnsen fortelja at kommunen gjennomfører elevundersøkingar på 7. og 10. trinn.

Jamt over har skulane i Os gode resultat, men det er variasjonar frå skule til skule.

– Kommunen har ikkje høge mobbetal, men kvar enkelt mobbesak er éi sak for mykje og må følgjast opp, sa dei to rådgjevarane.

Psykisk helse er viktig

Eirik André Hesthamar (Frp) var første politikaren til å ta ordet.

Hesthamar var uroa over dei unge og deira psykiske helse.

– Det er veldig mange unge som slit om dagen. At vi som organisasjon er så til de grader på ballen, vil nok gjera til at vi til slutt vil lukkast i framtida med det arbeidet vi gjer.

Hesthamar viste òg til initivaet frå Per Olav Søras og Johnsen i media for nokre veker sidan.

• Les òg: – Einsemd og mobbing er ikkje berre eit skuleproblem, det er eit samfunnsproblem.

Avslutningsvis ville Hesthamar ha ein kommentar frå administrasjonen på kvifor prosenten elevar som fullfører vidaregående skule i Os har gått ned med åra.

Lågt engasjement?

Marie Bruarøy (H) opna sin del av debatten med å vera tydeleg overraska over dei øvrege politikarane.

– Det er overraskande at ikkje fleire har teikna seg på talarlista når vi skal debattera noko så viktig. Det ligg faktisk òg i innstillinga i sakspapira at vi skal debattera dette dokumentet. Eg ser sjølv på dette som eit ekstremt viktig dokument.

Bruarøy var vidare stolt over arbeidet som låg bak det ho hadde lese i rapporten, men ho var òg uroa over resultata frå dei nasjonale prøvane, og då spesielt åttande-trinnet.

– Det er framtida vår vi snakkar om, og eg håpar det vert sett inn ressursar for å betra på dei resultata vi ser her. Eg gler meg samstundes over resultata frå femte-trinn - dette er det kullet som starta i førsteklasse samstundes som vi innførte BLR, altså «Betre læringsresultat» som prosjekt. Her vart det fokusert på å setja inn ekstra ressursar, og no ser vi altså dei langsiktige resultata av dette.

– Kva kan vi gjera med skilnadane?

Bruarøy lurte òg på kva som blir gjort frå administrasjonen si side for utjamna skilnadane mellom skulane.

– Er hospitering, erfaringsoverføring og rullering av mannskap noko ein kunne vurdera?

Bruarøy måtte vidare innrømma at ho var litt skuffa over det per no ikkje ligg noko plan om at kommunen skal søka seg inn i prosjektet «Fleksibel skulestart», altså kor elever kan søkja om å venta eit år med å byrja på skulen.

– Eg vart litt skuffa då eg las at vi ikkje skal søkja om dette, men eg har forståiing og respekt for at dette ikkje vert prioritert nett no slik situasjonen er med kommunesamanslåinga. Samstundes er det godt å lesa at prosjektet allikevel skal følgjast tett.

Til sist lurte Bruarøy på om dei private skulane i Fusa òg ville vera med i framtidas tilstandsrapportar.

Eva Sandtorv (Frp) var siste politikar på talarstolen. Ho ville ha svar på korleis det var med mobbing frå dei vaksne.

– Korleis er nyanseringa i rapporten når det gjeld mobbing? Vi tenkjer tradisjonelt elev-elev, men det er faktisk ikkje alltid sånn, så kva tenkjer elevane? Dette er noko eg kunne tenkt skulle ha vore med i rapporten.

Svar frå Rye

Kommunalsjef Rye opna svara sine med å fortelja at det i framtida vil koma tilstandsrapportar i den nye kommunen, men at det til no ikkje har vore levert slike rapportar i Fusa.

Rye kunne òg opplysa kommunestyret om at det er ulikt regelverk for barnehagane og skulane.

– På barnehageområdet er kommunen ansvarleg for alle barnahagane, mens på skuleområdet er skuleigar sjølv ansvarleg. Korleis dette vil bli sjåande ut med dei private skulane i Fusa kan eg difor ikkje svara heilt eksakt på her og no. Vi har uansett hatt desse skulane med på strategisamlingar i arbeidet med den nye kommunen, la Rye til.

Til Bruarøy sitt spørsmål om skilnadane mellom skulane sa Rye at det vert utveksla erfaring, og at det er god dialog mellom skulane.

– Noko skilnad vil det alltid vera, men det vert jobba godt mellom skulane.

Til Sandtorv sa Rye at perspektivet mobbing vaksen-elev allereie ligg inne, men at det gjerne kunne komma tydelegare fram i rapporten.

Siste ordet i drøftinga fekk Garlid om gjennomføringsgraden på vidaregåande skulane.

– Det er rett at vi i år er litt dårlegare på dette, men vi er framleis på grønt, og vi vurderer situasjonen som «ok».

Eit samrøystes kommunestyre følgde innstillinga frå administrasjonen, med andre ord; dei tok rapporten som ei melding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.