Jakt, fiske og natur | 01. juni 2025

Statusrapport to veker før sesongstart i Oselvo

God vassføring på det som kunne vore opningsdagen. Og det er meir godt nytt om laks og aure.

Statusrapport to veker før sesongstart i Oselvo
Sone 0 til 1 i Oselvo i dag. Grei vassføring under gamlebrua på det som kunne vore opningsdagen. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 01. juni 2025 20:14

Fredag var det 7,1 kubikk på NVE sin målestasjon på Røykenes, ved midnatt natt til søndag, som kunne vore sesongopning, var den nede i 3,9.

Med lite snøsmelting i nedslagsfeltet er Oselvo avhengig av nedbør. Vassføringa har variert mykje på opningsnettene.

Men i år var det ikkje opning 1. juni. Grunneigarlaget ba om utsetjing til 15. juni, og bli høyrd.

Årsaka er den svært dårlege fangsten i fjor.

I dag, på det som kunne vore opningsdagen, har Osvassdragets forvaltningsråd kom med godt nytt.

Der fortel dei om oppmundtrande observasjonar.

Første laks på elva kom tidleg, allereie 16. april.

Videomaterialet frå undervannskamera er ikkje finkjemma, men det er gått opp minst 27 laks og 18 sjøaure.

Samtidig står det i dag over 10 laks på elva, klare for å gå opp.

Oselvo blir samanlikna med Etneelva, då dei ofte har same trendar. Også i Etne er det god oppgang, den tredje beste på 13 år.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.