midtsiden

Steen og Moberg til Oseana

Oseana KF har tilsett arrangementssjef og teknisk sjef.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kjetil Moberg (36) går frå stillinga som produksjonsleiar på anlegget til Toro i Arna og blir teknisk sjef for Oseana.

Berit Steen (51) hadde 18 års fartstid i NRK før ho starta i Nordisk Film, som ho no tar farvel med for å bli arrangementssjef i kunst- og kultursenteret som er under bygging på Mobergsneset i Os.

- Oseana kunst- og kultursenter har heile bergensregionen som sitt kjerneområde, men har ambisjon om å ta ein nasjonal posisjon der vi skal presentera kunst og kultur på ein ny og annleis måte, fortel direktør Kim Kristoffersen.

- Til denne jobben treng vi dyktige, fleksible og kompetente medarbeidarar, og det meiner vi at Oseana har fått med Steen og Moberg, seier direktøren om hans to første kollegaer.

Sporty «kvinne på randen»
Den komande arrangementssjefen i Oseana flytta til Bergen i 1987 og bur i Fridalen.

Etter 18 år i NRK hadde Berit blant anna vore både vært redaksjonssjef for fjernsynsavdelinga ved NRK Hordaland og prosjektleiar for «Kvinner På Randen» sin første TV-serie, som også van Gullruten for beste TV-underhaldning i 1998.

Berit blei same år henta til Nordisk Film, som då nyleg var etablert i Noreg, og var i ein utfordrande oppbyggingsfase. Nordisk Film & TV er i dag eit av landets leiande produksjonsselskap, og Berit har dei siste ti åra ålene betjent Nordisk Film sitt kontor i Bergen.

Ho var med å ta bronse i tidenes første Norway Cup, ho har spelt handball på Ham-Kam og deltatt i korps og kor.

No held ho seg sprek ved å sykla Rallarvegen med mann og hund, og å sykla frå Fridalen til kontoret i Bergen sentrum. Neste år får ho litt lengre veg til kontoret.

Berit Steen startar i Oseana-jobben 1. januar 2011.

Frå lefser i Arna til kultur i Oseana
Kjetil Moberg (36) bur i Kuvågen og har bakgrunnen sin frå Rieberkonsernet. Han kjem frå stillinga som ansvarleg for produksjonen på anlegget til Toro i Arna når han startar som teknisk sjef i Oseana.

Han har også deltatt i utviklings- og forbetringsarbeid i Rieber & Søn. Før det har han vore driftssjef på Rieber & Søn ASA, Bøe Lefsebakeri, der han hadde totalansvaret for drift, vedlikehold og bygg.

Kjetil har i tidligere jobber blant annet hatt oppgaver som prosjektleder på prosessteknisk utstyr, som serviceteknikar og hatt driftsoppgåver i prosessrelatert produksjon.

Han er utdanna innan elektro og seinare som meierist og meieriteknikar frå Ørland Meieriskole og Dalum Tekniske Skole. Kjetil har vore røykdykkar, innsatsleiar i industrivern og elles vore aktiv i industrivern og HMS-arbeid.

I første fase blir hovudoppgåva hans å følgja byggeprosessen framover, setja seg inn i dei tekniske installasjonane og laga gode arbeidsrutiner for drift og vedlikehald av bygget.

Kjetil Moberg startar i den nye jobben 1. mars 2011.

Les fleire saker om Oseana (midtsiden.no, samleside)

Fleire saker