Sport | 02. juli 2019

Stein Kjetil (60) sprang i 27 timar i strekk

Under halvparten av deltakarane gjennomførte det 132 km lange terrengløpet frå Voss til Bergen. Tre av dei er frå Os.

Stein Kjetil (60) sprang i 27 timar i strekk
Treningskameratar frå Opptur Motbakkeklubb møtte Stein Kjetil Hefte og dei andre deltakarane frå Os mens dei sjølv var på treningstur. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. juli 2019 19:57

Bildeserie:

Ole-Håkon Sælen i steget. Innfelt arkivbilde.
Ole-Håkon Sælen i steget. Innfelt arkivbilde.
Også Erik Werner gjennomførte med stil.
Også Erik Werner gjennomførte med stil.
Xreid Voss-Bergen er 132 km og 7300 høgdemeter.
Xreid Voss-Bergen er 132 km og 7300 høgdemeter.
1 av 3
Ole-Håkon Sælen i steget. Innfelt arkivbilde.
Også Erik Werner gjennomførte med stil.
Xreid Voss-Bergen er 132 km og 7300 høgdemeter.

– Eg merker at eg ikkje har den same farten lenger. Men vilja til å vera litt stygg med seg sjølv, over tid, står ved lag.

Stein Kjetil Hefte er ein av tre veteranar frå Opptur Motbakkeklubb i Os som fredag til laurdag gjennomførte Xreid Voss-Bergen.

250 var påmeldt, berre 114 kom i mål. Øystein Røen vann på tida 22.10.00, Marjo Liikanen var raskaste kvinne med tida 25.18.40.

Stein-Kjetil, som fylte 60 år i mars, var raskaste frå Os. Og blant dei raskaste av alle, uansett klasse. Bak følgde den eitt år yngre fetteren hans Ole-Håkon Sælen og treningskameraten Erik Werner, som fyller 53 år i juli.

21. plass: Stein Kjetil Hefte, 27:07:10
31. plass: Ole-Håkon Sælen, 28:09:00
70. plass: Erik Werner, 32:24:00

• Sjå heile resultatlista på racetracker.no

• Les òg: Tre frå Os på topp i Besseggen (2012)

Utan obligatoriske stopp

Løpet er 132 km langt og krev 7300 høgdemeter. Stein-Kjetil deltok i Hornindal Rundt, som blir kalla Noregs tøffaste fjelløp, i fjor og i forfjor. Løpet er 75 km langt og 5600 høgdemeter.

– Det som gjorde Xreid ekstra tøft var ikkje berre distansen, men at løypa ikkje er merkt. Du må finna traseane sjølv, med kart og kompass eller GPS.

I 2015 sykla herr Hefte Bergen-Voss for 30. gong. No er det nesten berre løping på 60-åringen, og Xreid er det lengste løpet han har deltatt i.

– Det var ingen obligatoriske pausar, anna enn at vi måtte innom tre sjekkpunkt. Der var det mat, drikke og avsjekking, der helsepersonell såg at du fekk i deg næring og spurde deg spørsmål for å forsikra seg at det var forsvarleg å senda deg ut i terrenget igjen.

Løpet starta på idrettsplassen nær campingen på Voss og hadde målgang på Festplassen i Bergen sentrum.

– Det blei mykje opp og ned. Første sjekkpunkt var jo Botnen, nede ved sjøen innanfor Øystese og Fyksesundbrua. Neste var Kvitingen og Gullfjellet.

Jogga frå vegvisarane

Løpet starta klokka 12.35, 35 minutt forseinka, på Voss, og heldt fram gjennom kveld og natt og over eit døgn for dei tre frå Os.

– Sjølv opna eg for hardt og hadde litt hovudverk på første sjekkpunkt. Men det kom seg etter at eg fekk i meg mat og drikke, og så heldt eg fram i litt lågare tempo.

Hefte føler seg heldig som møtte to løparar frå Øystese, som var kjent i terrenget, og som slo følgje eit godt stykke.

– I periodar var det ikkje sti, men buskar og skog. Vêret var fint, men det var jo mørkt om natta og skodde i fjellet på morgonen. Det blei ein del gåing òg. Men då eg kom til Gullfjellet følte eg meg trygg, derfrå til Bergen har eg løpt fleire gongar når eg har deltatt i Styrkeprøve Rett Vest, fortel Stein Kjetil, som stakk frå dei to frå Øystese då han kom på heimebane.

Skal springa 81 km om tre veker

No er han nøgd med både å ha gjennomført og med plasseringa.

– Eg trur Ole-Håkon og Erik, som òg var debutantar, var nøgd med dette. Erik skulle delta som lag saman med André Aspenes, men Aspenes var sjuk og måtte gi seg tidleg. Heldivis fekk Werner konvertera til individuell klasse og fullføra.

– Korleis kjennest kroppen ut etter 132 km på 27 timar?

– Heilt grei, men beina er litt ømme. Det er truleg berre væske som har samla seg opp. Eg reknar med at det kjem seg snart, seier Stein Kjetil.

Om tre veker skal den spreke 60-åringen springa Rallarvegsløpet. Der er det 81 km frå Flåm til Haugastøl, men over to dagar med pause på Finse. Det er likevel nesten to maraton på to dagar, på grusveg med motbakkar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.