Steinblokk stengte Bjånesvegen
Måtte slepast vekk fredag kveld.

Fredag litt før klokka 22 blei ei ung dame som bur på Bjånes hindra av ei steinblokk som låg i vegen.
– Eg køyrde heim i 20-21-tida, så det må ha skjedd ganske nyleg, fortel Kine Heggland Sælen.
Ho var likevel ikkje innestengt, vegen ut Moldadalen fungerte som omkøyring.
«Nokre kvadratmeter stor»
Teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune, Dag Søfteland, seier steinblokka blei fjerna fredag kveld.
– Steinen var ganske stor, eit par kvadratmeter, og veg nok over eit tonn.
Steinen blei slept ned Bjånesvegen og fjerna frå vegen. Vegen var open igjen cirka klokka 23.
– Eg har vore oppe og sjekka vegen og området i dag. Det er nok ikkje snakk om eit ras, men eit enkelt steinsprang. Årsaka har nok med sprengkulda vi hadde første halvdel av februar å gjera.
Den skal ikkje ha skadd asfalten verken då den raste ut eller i løpet av slepet.
Kommunen rydda skråninga for tre i februar for to år sidan.
Det er foreløpig ikkje bestilt geologisk undersøking, men kommunen vil sjølv sjekka skråninga så snart dei kan.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.