Steinen gjekk gjennom (!) bilen
E39 Søfteland: Førar er uskadd - politiet etterlyser lastebilsjåføren som mista steinen.
Bildeserie:
I 10-tida fredag formiddag fekk ein bilist ein stein gjennom frontruta.
Steinen ramla av ein lastebil, traff bakken og spratt vidare inn frontruta, gjekk gjennom bilen og ut bakruta.
Mannen som køyrde bilen var åleine. Han kom uskadd frå hendinga.
Etterlyser førar av lastebil
– Vi ønskjer å koma i kontakt med føraren av lastebilen, seier politibetjent Stian Sigbjørnsen ved Os lensmannskontor.
Ulykka skjedde rundt klokka 9.45-9.50 på E39 nokre hundre meter sør for kontrollfeltet i Hjellemarka/Storumsbakken på Søfteland.
Bilen som blei truffen køyrde i retning nord/Bergen, lastebilen køyrde retning sør/Os.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.