Kultur | 22. juni 2009

Steingod dialog

- Eg kviler ikkje, eg berre prøver å få kontakt med steinen før eg startar, seier Jo Kley. Skulptursymposiet er i gong.

Steingod dialog
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. juni 2009 17:11

Bildeserie:

1 av 6

I går var det velkomst og samling i Solbakkestova, i dag starta Skulptursymposiet i Vognhallen i Os sentrum.

- 2007 var mitt første sympoisum i Os og min første tur til Noreg! For eit fantastisk land, ikkje rart de er glade heile tida, seier tyskaren Jo Kley.

Vi fann han liggande på steinen han skal jobba med dei neste dagane. Men ikkje fordi velkomstfesten var så hard, han ville berre ha ein prat med steinen og høyra kva han vil bli til, påstår han.

Kley kjem frå Kiel, men reiste til Hirtshals i Danmark for å ta båten til Noreg.

- Eg har bilen med for å sjå litt meir av landet medan eg er her. Bilturen opp Setesdal og ut hardangerfjorden var fantastisk. Eg hadde mange stopp for å gå ut av bilen og nyta naturen, fortel han.

Osingane får også mykje skryt.

- Førre tur til Os gav meirsmak, eg er veldig glad for at eg fekk vera med i år òg. Osingane tar veldig godt imot meg.

Kley skal laga skulpturen Os kommune har bestilt. Denne skal stå på nye Telthusplassen, som har opning til helga.

Gledeleg gjensyn
Lengre inne i Vognhallen møtte vi ein munter egyptar saman med ein knisete kultursjef. Men då koreanaren kom bortom blei det bråk.

- Han er min coach, seier Hany Faisl, og bukker til Hwang Seung Woo før han slår etter han frå alle vinklar.

Woo var i Os også i 2007, Faisl er her for første gong. Men dei to kjenner kvarandre frå før, for dei var på symposium i lag i Egypt i vinter.

- Han skal bu hos meg, seier Lisbeth Axelsen og nikkar mot Faisl og ler.

Den gjestmilde kultursjefen har opna heimen sin for skulptørar før, men det er nokre år sidan. No får ho det truleg ekstra morosamt ved frukostbordet dei neste vekene.

Her er årets kunstnarar:
Simona Bocchi, Italia
Jo Kley, Tyskland
Hwang Seung Woo, Korea
Renata Ruffilli, Italia
Boutros Romhein, Syria/Italia
Knut Hetleflåt, Os/Noreg
Knut Bryn, Noreg
Axel Peters, Tyskland
Fabio Rebora, Italia
Hany Faisl, Egypt
Petre Petrov, Bulgaria

Skulptursymposiet varar til 5. juli. Laurdag 4. juli blir det trekt kva skulptur kjøparane får.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.