Lokal | 22. nov. 2017

Steinneset: Utbyggar undrar seg

– Som utbyggar er vi glade for eit klart svar, men som innbyggar hadde eg venta meir etter moglegstudien.

Steinneset: Utbyggar undrar seg
Utbyggar skulle i utgangspunktet berre bygga nytt der den raude bygningen (t.v.) står. No er det tilbake på teiknebrettet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. nov. 2017 11:16

Bildeserie:

Guttorm Gjerde frå Bjørnefjorden Utvikling AS. (Foto: KVB)
Guttorm Gjerde frå Bjørnefjorden Utvikling AS. (Foto: KVB)
1 av 1
Guttorm Gjerde frå Bjørnefjorden Utvikling AS. (Foto: KVB)

I møte i kommunestyret i går sto orientering frå administrasjonen om moglegstudiet for Steinneset på programmet. Kommunen si førebelse verdivurdering etter moglegstudien ligg på 10-12 millionar kroner.

Då administrasjonen ba kommunestyret om respons i form av nokre signal, tok posisjonen gruppemøte før dei kom tilbake med følgjande signal:

• Os kommune vil likevel ikkje selja tomta si (ca 4 mål) til utbyggar av nabotomtene (Bjørnefjorden Utvikling AS).
• Om det ein dag blir bygd på tomta, blir det truleg lågast utnytting, rundt det som ligg i reguleringsplanen i dag, 1350 kvm.

– Som utbyggar synest eg dette greit. Vi har venta eit år, men no har vi fått svar, og kan setja oss ved teiknebordet igjen for å laga ein plan for vårt eige prosjekt, slik vi i utgangspunktet ville, seier Guttorm Gjerde frå Bjørnefjorden Utvikling AS.

– Det var kommunen sjølv, ved Terje Søviknes og Tor Inge Døsen, som kom med forslag om at vi gjorde noko saman, og med tilbod om å kjøpa tomta for 6 millionar kroner.

Bjørnefjorden Utvikling AS hadde, etter å ha fått tilbod om samarbeid, teikna sitt eige prosjekt 5-6 meter ned på delar av kommunen sin eigedom, totalt 300-400 kvadratmeter av dei 4 måla kommunen eig. Resten var sett av til grøntområde.

– Ein god studie som burde leia til noko meir

Då Gjerde hadde inntrykk av at det berre var ein presentasjon, ikkje ein diskusjon, som skulle førast i kommunestyret i går, følgde han ikkje møtet. Midtsiden snakka med Gjerde onsdag morgon, før han hadde orientert seg om saka, anna enn kort referat frå Midtsiden via telefon.

– Eg undrast over at kommunen vil legga Steinneset på is, at dei bruker så mykje ressursar på ein moglegstudie og ikkje lager ein veg vidare, verken for innbyggarane eller at dei vil seia noko om kva som kan koma på tomta og på framtidig nytt areal i sjø.

– Mange av ideane og skissene var jo kreative og gode for alle som bruker området, ikkje minst visingssenter for oselvaren, sjøbad og gode brygger. Om dette blir lagt på is så er kanskje heile studien utdatert når nye krefter ein dag tar opp igjen ballen, og ny studie blir gjennomført.

Då Midtsiden snakka med Gustav Bahus (Frp) i dag, seier han at det «å legga på is» var ei litt uheldig formulering.

– Å legga på is høyres ut som om all framdrift er stoppa opp. Det vi først og fremst var opptatt av var å gje utbyggar ei avklaring; det er ikkje aktuelt for Os kommune å selja denne tomta no. Samtidig vil vi senda eit signal til alle naboane, og innbyggarane, om at det ser ut til å vera tverrpolitisk semje om at ei eventuell framtidig utbygging på vår tomt vil bli med lågt volum.

Vil ikkje ta høgde for komande høgder

I studien fekk arkitektane i oppdrag å koma med eksempel på både låg og høg utnytting av dagens areal og eventuelle tilleggsareal i sjø. Ikkje uventa var det fleire som reagerte på teikningane av høgast mogleg utnytting, sjølv om maksimalt volum berre var éin av tre variantar.

– Sjølv om dagens kommunestyre gir signal om lågare volum, kan det at folk har sett desse skissene av maksimalt volum skapa uvisse i marknaden når du sjølv skal selja, at folk fryktar at det éin dag kjem høge bygg rett framfor?

– Ja, vi kan kanskje risikera at enkelte tenkjer sånn.

– Kjem du til å teikna med tanke på at høgt volum kan koma ein dag i framtida?

– Nei. Vi hadde nokre skisser med ei anna høgd, men det blei for dominerande, det var rett og slett ikkje fint. Vi vil teikna noko som passar på tomta og slik nabolaget ser ut i dag. Så får vi håpa at det som eventuelt blir bygd i framtida òg tar omsyn til det som ligg rundt. Eit fint område er det uansett, med utsikt, kveldssol og sjøen nesten heilt til stovedøra.

Bjørnefjorden Utvikling vil i dag i samtalar med administrasjon og ordførar om vidare framdrift, for at dei skal få ferdig sin reguleringsplan snarast råd. Selskapet fortel om mange interessantar på prosjektet dei skal i gang med.

Relaterte saker:
Dette prosjektet kan utløysa studie av Steinneset
Stor interesse for å bu ved Os hamn
Studerer Steinneset i 13 timar
Svarte på fem spørsmål om Steinneset
Slik kan Steinneset bli
– Kvifor er husa våre vekke?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.