Lokal | 24. apr. 2020

Stort steinsprang på Drange

Drangsvegen er blokkert for trafikk.

Stort steinsprang på Drange
Vegen var stengt av ras klokka 07.10. Raset gjekk truleg kort tid i forvegen. (Lesarbilde, foto: Daniel Drange)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. apr. 2020 05:53

Fredag morgon er fylkesveg 5158 Drangsvegen stengt for trafikk grunna eit større steinsprang.

Raset har gått ved Drangsvegen nummer 345, eigedomen til Drange Bruk.

Ingen køyretøy eller personar skal vera skadd.

Skjedde truleg i 7-tida

Ein av dei tilsette fortel av vegen var stengt klokka 07.10. Han bur i nærleiken, og meiner han høyrde eit brak fem minutt før.

Politiet er varsla, og dei har sendt beskjed vidare til Vegtrafikksentralen.

Det er varselskilt på staden og entreprenør er på veg for å opna vegen igjen, skriv Vegtrafikksentralen på Twitter. Vegen er klokka 08.03 framleis stengt.

  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
Raset gjekk ved Drange Bruk. Entreprenør er på veg for å fjerna steinane. (Foto: Daniel Drange)
Raset gjekk ved Drange Bruk. Entreprenør er på veg for å fjerna steinane. (Foto: Daniel Drange)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.