Næringsliv | 11. des. 2012

Steinsenteret på flyttefot

Opnar over 1000 kvm neste veke: Vi har vore på omvising i det store, nye Steinsenteret i Kolskogen.

Steinsenteret på flyttefot
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. des. 2012 11:52

Bildeserie:

Mesteparten av ute-varene på Steinsenteret er flytta til nyebutikken. (Foto: KVB)
Mesteparten av ute-varene på Steinsenteret er flytta til nyebutikken. (Foto: KVB)
Måndag 17. desember opnar ny butikk i Kolskogen. (Foto: KVB)
Måndag 17. desember opnar ny butikk i Kolskogen. (Foto: KVB)
Butikken får salsflate på over 1000 kvadratmeter. (Foto: KVB)
Butikken får salsflate på over 1000 kvadratmeter. (Foto: KVB)
Ny baderomsutstilling er under bygging. (Foto: KVB)
Ny baderomsutstilling er under bygging. (Foto: KVB)
Steinseteret utvidar med stor fliseutstlling. (Foto: KVB)
Steinseteret utvidar med stor fliseutstlling. (Foto: KVB)
Omn-utstillinga blir tre gongar så stor som i gamlebutikken. (Foto: KVB)
Omn-utstillinga blir tre gongar så stor som i gamlebutikken. (Foto: KVB)
I 1. etasje kjem det til å gå i verktøy. (Foto: KVB)
I 1. etasje kjem det til å gå i verktøy. (Foto: KVB)
Hitachi er spesielt godt representert. (Foto: KVB)
Hitachi er spesielt godt representert. (Foto: KVB)
I tillegg til 5 mål ute blir nokre utevarer stilt ut inne - med stil! (Foto: KVB)
I tillegg til 5 mål ute blir nokre utevarer stilt ut inne - med stil! (Foto: KVB)
Utevarer: tips og inspirasjon. (Foto: KVB)
Utevarer: tips og inspirasjon. (Foto: KVB)
1 av 10

I haust har Steinsenteret på Os førebudd seg på flytting til nytt lokale i delar av den tidlegare Alsaker-bygningen i Kolskogen.

– Vi byrja å flytta varer i førre veke, men held butikken på Gudriflaten open til og med laurdag, seier Leif Jarle Hansen.

Måndag skal Steinsenteret vera ute av lokalet, som Norgesgruppen har kjøpt, og måndag blir første dag i ny butikk, ein butikk som truleg er den største på Vestlandet i sitt slag.

Lager, leigetakar og stor butikk

Det nye lokalet i Kolskogen er på 2.500 kvadratmeter. Av dette blir cirka 1000 kvadratmeter brukt til lager, drygt 1000 til Steinsenteret-butikk og rundt 300 kvadratmeter er leigd ut til Gulvspesialisten, som 1. januar opnar avdeling i Os.

– Tomta er på 5-6 mål, men utstillinga utandørs blir nok ikkje bygd opp før i mars, kanskje litt tidlegare, om vinteren blir mildare enn det no ser ut som, seier Trond Toppe.

Trond er del av Toppe-familien som eig Steinsenteret Åsane Sand og Singel AS, selskapet som eig Steinsenteret på Os, frå 1. januar i same AS.

– Vi har tru på Os og bygger ein butikk som ikkje berre er stor nok for dagens behov og marknad, men ein butikk som kan supplera eit større volum.

Import og god drift

Steinsenteret Åsane Sand og Singel AS auka frå 107 til 128 millionar i omsetnad frå 2009 til 2011 og gjekk med rundt 3,5 millionar i overskot i fjor.

I tillegg til å driva Steinsenteret Os og Steinsenteret Åsane driv selskapet med import av stein frå Kina, som dei også sel vidare til andre butikkar i bransjen.

I år har dei importert rundt 300 konteinarar med stein og med nytt lager på Os kan kundane i Kolskogen forsyna seg først.

– Mykje nytt

Det store, nye lokalet er i ferd med å bli fylt med eit kraftig utvida utval av verktøy, med blant anna fullsortiment Hitachi-utstilling.

Utstillinga av omnar blir tre gongar så stor som i førre lokale, i tillegg blir det stort utval i fliser og baderomsmøblar.

Steinsenteret lager dessutan eigen utstilling av utandørsvarer inne i butikken.

– Det hender jo at det regnar, så då er det greit å kunna visa varer til hagen utan å måtta gå ute med kunden, seier Stig Hansen.

Stig er murar og har styrt butikken på Os saman med Leif Jarle Hansen. No får dei to med seg butikksjefen frå Åsane, Torbjørn Haaberg, til å styra flaggskipet på Os.

– Vi opnar måndag, men sparer opningsfesten til ei helg i siste halvdel i januar, når alt er skikkeleg på plass, seier Trond Toppe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.