Lokal | 29. okt. 2010

Stempla som osing

1-2-Osablod. Nei, det er ikkje ein fotballspelar som har dekorert seg med det som kanskje er den første Os-tatoveringen.

Stempla som osing
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. okt. 2010 19:44

«1-2-Osablod» har blitt brukt som kamp-rop av Os den siste tida, men mannen med den nye tatoveringa held helst til i kjellaren på Kuventræ, i Os Rockeklubb sine lokale.

- Eg er midt på treet interessert i fotball, men eg bur no her på Kuventræ, så eg følgjer litt med, seier leiar for rockeklubben, Kjetil Grønvigh.

Slått av slagord
Det er ikkje ofte Grønvigh blir inspirert av Loddefjord, men då han såg kjente artistar tatovera seg med postnummeret 5071 blei han slått av eit gamalt slagord.

- Eg kom på t-skjortene vi hadde tidleg på 90-talet med «oppleving og kos – 5200 Os». Og så tok eg ein telefon til Torkjell (Rød, osing og frontfigur i Audrey Horne).

Heller blod enn kos
Kjetil ville ha ein Os-tatovering og Torkjell, som jobbar i tattosjappa Let´s Buzz i Bergen, var med på notene.

- Eg synes dette med oppleving og kos blei for kjedeleg, men det dukka raskt opp ein annan passande idé, seier Torkjell.

- Eg veit ikkje kvar 1-2-Osablod kjem frå, men det er noko vi har høyrt i mange år, og som passa bra å tatovera inn, meiner han.

Figuren er inspirert av Perle og Bruse, sunne ideal frå cirka 50-talet, men med ein ikkje fullt så sunn variant på armen til Mr K.

Første Os-tatovering?
Torkjell fortel at han har tatovert fleire kjente plassar og symbol på byar, Bergen er ifølgje Audrey Horne-vokalisten blant dei som er mest stolte av kvar dei kjem frå.

- Vi har tatovert Bryggen og byvåpenet på kundar, men ikkje noko frå Os som eg kan hugsa, verken oselvar eller undino, ler han.

Kjetil, som med Osablod-figuren fekk sin 10. tatovering måndag, kallar dei ferskaste strekane sine for ein hyllest.

- Denne tatoveringa er eg stolt av, den er ein hyllest til dansane på Haugland og i Hegglandsdalen på 80-talet. Hadde den vore i heilfigur så hadde den hatt kloggar.

Alle må få
Vanlegvis ber Kjetil om at ikkje skissene til tatoveringane hans blir brukt på andre, men Osablod deler han gjerne.

- Denne kan Torkjell og Let´s Buzz legga fram i mappa, det gjer meg ingenting om heile A-laget til Os dekorerer seg med ein sånn!

- Du skal ikkje sjå vekk frå at eg lagar meg ein sjølv, seier Rød, og påstår at han har plass til fleire tatoveringar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.