Vegvesenet har informert med skilt ved brua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Stenger brua fleire netter

Skal du til eller frå Øyane på kvelds- eller nattestid denne veka?

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Mens Strønebrua er lysregulert grunna oppussing skal det denne veka gjennomførast inspeksjon på Lepsøybrua, eller Lepsøysundet bru, som den heiter.

Fylkesveg 158 over Lepsøysundet blir stengt for biltrafikk mellom klokka 22.30 og 06.00 neste morgon - kvar kveld og natt frå måndag 12. august til fredag 16. august.

Brua er opnar for normal trafikk frå fredag morgon klokka 06.00.

Den blir open for fotgjengarar i heile perioden. 

Det blir òg opna for biltrafikk klokka 24.00 og klokka 03.00. 

– Den verste i Os

Då VG i 2017 fekk innsyn i vegvesenet sine rapportar, kom det fram at Lepsøysundet bru er den i Os det sto verst til med.

Dette er blant det som sto i rapporten:
Løse skruer/nagler på fuge/fugekonstruksjon. Kritisk skade som truer trafikksikkerheten, med høyeste grad av konsekvens.
Skadegrad (1-4): 4
Konsekvens for trafikksikkerhet (1-4): 4

Der sto det òg om planlagte tiltak:
1. oktober 2017: Omfatter mekanisk reparasjon av betongskader i kasse, dekke og kantdrager. Ny føringskant støpes.
31. desember 2017: Omfatter etablering av avløpsrør og dryppnese i uk kasse.
31. desember 2020: Fornyelse, membran
17. november 2024: Omfatter utskifting av fugekonstruksjonen i begge bruender.

Etter det Midtsiden kjenner til, både frå eigne observasjonar og tips frå lesarar, erdet omfattande skadar på dekke og fortauskant. Fleire bilistar i Øyane skal ha fått øydelagt bildekka sine av den skadde betongen. 

Inspeksjonen denne veka skal vera ein rutinemessig inspeksjon, ikkje i samband med verken varslingar om feil eller planlagt oppstart av arbeid.

– Dette er det andre i avdelinga mi som veit betre enn meg, men eg har framleis folk ute på ferie, så eg kan ikkje seia det sikkert.

– Men inspeksjon vil avdekka om det er tilstand som krev akutte tiltak, seier avdelingsdirektør Grethe Vikane i Statens vegvesen til Midtsiden.

Fleire saker