Lokal | 18. mai 2009

Stenger grunna sopp

56 førsteklassingar står utan klasserom etter at Os skule fekk rapport om sopp i den eine bygningen.

Stenger grunna sopp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. mai 2009 11:26

Bildeserie:

1 av 1

(Retta versjon. Vi skreiv først at bygningen var i bruk måndag, det var den ikkje. Skulen har heller ikkje fått tre dagar på seg til å flytta ut, men flytta på eige initiativ ut fredag 15. mai.)

Os skule veit ikkje kvar dei skal gjera av dei over 50 førsteklassingane som dagleg får undervising i den eldste skulebygningen, ein bygning som i førre veke blei stempla som ueigna grunna dårleg innemiljø.

- Rapporten kom torsdag, og eg har ikkje lest den sjølv enno. Men det stemmer at det er dokumentert dårleg innemiljø grunna sopp, seier rektor Anne Fossberg Fristad til midtsiden.no.

Ho viser oss vidare til eigedomsforvaltar Kari Fjeldstad, men ho har ikkje vore tilgjengeleg i dag.

- Vi ba om rapport fordi både elevar og tilsette ofte følte seg uvel. Bygningen blei friskmeldt etter at vi fekk nytt ventilasjonsanlegg i fjor, men er altså ikkje god nok.

- Det er for tidleg å seia kva lokale vi no skal ta i bruk, det er ikkje lett å finna nye klasserom til 56 førsteklassingar, seier Fristad.

SFO-bygningen har vore diskutert. Også denne har tidlegare hatt dårleg inneklima, men då var det luft frå kloakken som var problemet. Dette skal no vera reparert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.