Lokal | 11. mars 2020

Stenger Oseana og alle gymsalar

Nye tiltak mot koronaviruset.

Stenger Oseana og alle gymsalar
F.v.: Fotland, Leigland, Johannesen og Melvold. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. mars 2020 18:48

Bjørnafjorden kommune hadde pressekonferanse frå klokka 19 onsdag kveld. Her opplyste kommunen om status og om fleire nye tiltak for å hindra spreiing av koronaviruset.

Kommunedirektør Christian F. Fotland, fungerande ordførar Mikal Leigland (Sp), fungerande kommuneoverlege Bjørn Petter Johannesen og kommunalsjef Monica Totland Melvold orienterte om tiltaka, som i første omgang gjeld til 1. april.

Dette er hovudpunkta:

  • Det ingen som er smitta i Bjørnafjorden kommune.
  • 30 er testa, 21 svar har kome og alle desse er negative. Kommunen ventar framleis på svar på dei siste 9.
  • Det blir auka bemanning på telefon til legevakt frå klokka 12 til 20 - på nummer 116117, frå torsdag 12. mars.
  • Oseana stenger frå i dag til 1. april. Alle arrangement blir avlyste, men ingen tilsette er permitterte og restauranten held ope som vanleg.
  • Alle hallar og gymsalar blir stengte på kveldstid, men gymnastikkundervising går som normalt. Årsaka til at det er stengt på kveldstid, men aktivitet på dagtid held fram, er at det på kveldstid er fleire utanfrå kommunen som trener eller speler kamp.
  • Utandørs aktivitet held fram som før, men idrettsutøvarar blir oppmoda om å dusja heime.
  • Osbadet held ope som før, då reinsa bassengvatn blir sett på som låg risiko å opphalda seg i. Men folk i risikogrupper blir oppmoda å «tenkja seg om».

Internt i kommunen er bestikkorger og salatbuffetar fjerna. Kommunen oppmodar andre som serverer mat om å vurdera eigen mat-tryggleik, og helst ikkje ha sjølvbetening.

Kommunale institusjonar har fått beskjed om å planlegga for 25 prosent lågare bemanning. Kommunen ser òg på sjansen for å kalla inn pensjonerte og tidlegare tilsette som vikarar innan helseteneser.

Politiske møte blir utan publikum, publikum kan følgja saksgang og debatt på direktesendt på kommune-TV.

Treningssenter, utestadar, butikkar og øvrig næringsliv blir oppmoda om å gjennomføra god hygiene og reinhald.

Yttarlegare tiltak kan koma. Midtsiden kjem tilbake med meir frå møtet med kommuneleiinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.