Lokal | 30. aug. 2019

Stenger Steinneset i to dagar

Bur du på Steinneset, Lyngheim, Haugsneset eller Lurane?

Stenger Steinneset i to dagar
Frå måndag morgon skal det asfalterast frå Hatvikvegen og nesten inn til Lyngheim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. aug. 2019 12:32

Grunna asfaltering vert vegen til Steinneset stengt på dagtid mandag 2. september og tysdag 3. september, opplyser Os kommune.

Vegen blir stengt frå klokka 07.30 til 17.00 begge dagane, men utrykkingskøyretøy slepp forbi ved behov.

Kontaktperson på staden, Asgeir Neset frå NCC, kan ved spesielle behov kontaktast på telefon 91704156.

Kva med Lurane og Haugsneset?

På spørsmål om kvar vegen blir stengt svarer ingeniør Per Atle Arefjord frå Os kommune at asfalteringsarbeidet går frå krysset med Hatvikvegen til eit lite stykke inn på sistevegstykke mot Lyngheim.

Det betyr at også Kiwi-butikken og dei som bur i Smiebakken, Haugsneset og Lurane blir berørte.

– Men ytste del blir berre stengt i kortare periodar, ikkje heile dagen. Noko venting kan det likevel bli på å koma forbi for dei som skal på butikken eller opp Smiebakken.

– Er det ordna med parkering på utsida av Steinneset for dei som treng å køyra litt til og frå i løpet av dagen?

– Nei. Os kommune har ikkje tildelt noko parkeringsplass, innbyggarane må sjølv finna plass om dei vil ha bilen på utsida av Steinneset mens asflateringa pågår.

– Men dei køyrer fritt tilog frå eigen eigedom kveld, natt og tidleg morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.